- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
196

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180

SELD TIL DEN VONDE 196

kunde telja paa Dagar no. Ho gjekk upp til Presten
og gav han Pengar for at han skulde beda for Son
hennar Morgon og Kveld. Og so beda framifraa vent
um godt Ver næste Sundag i Kyrkja. Og Presten bad.
Og det vart godt Ver. Vinden snudde seg endaa
Laurdags Kvelden, fyrr Kyrkjebøni vart haldi. Daa fekk
Gunhild ei sterk Tru til denne Presten; han maatte

vera rette Mannen til aa slaast med Djevelen.

*



Gunhild var sterk; men ho kjende godt at ho for
kvar Dag veikna. Endeleg ein Dag kom Mor Judit
upp til henne. Den gamle sette eit høgtidslegt men
blidt Andlit upp, og Gunhild skyna strakst at ho hadde
gode Tidendir. Det gjekk som ein brennande Styng
igjenom henne: „han er komin?" kviskra ho. „Fort!
fort! er han komin?" bad Gunhild. Det kunde daa
hende det.

Gunhild upp og vilde ut. Det kom ei Uro yvi henne,
liksom ho var meir rædd enn glad. Men Judit meinte
det hasta ikkje. „Kor daa? er det noko i Vegen?"
— Nei; ikkje det. Men det kunde hende at han likso
snart kom til henne som ho til honom. „Er han her?
fort! fort!" — Det var ein Feber yvi Gunhild, so
Gamla vart teki med. „Baade han og Kona hans!"
sagde ho med ein stor Smil. „Aa for eit fagert Par!"

Hjarta banka i Gunhild so ho laut setja seg. Ho
drog Anden fleire Gongir djupt og kunde ikkje koma
seg til aa tala; Judit vart reint rædd. „Lat dei koma!"
kviskra Gunhild. „Töler De det?" spurde Mor Judit.
„Lat dei koma!" sette Gunhild i og vart utöleg. Mor
Judit drog seg ut; snart høyrde Gunhild Stig av fleire
komande . . . Døri gjekk upp. Ho drogst fram imot
deim som av ei framand Magt; saag deim ikkje; men
liksom gjenom ei Skodd skimta ho ein stor staut Gut
med eit svart digert Haar . . . Gunhild flaug fram og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free