- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
195

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180 SELD TIL DEN VONDE

195

styring so fæl, at han knapt kunde faa Naade berre for
sine eigne Syndir!

Ho tenkte yvi alt det som denne Sjømannen hadde
fortalt. Og naar jamvel slik ein Matros hadde funni
Baard villare enn venlegt, so kunde ein vita at det
ikkje var Smaating det galdt. Den 17—18 Aars
Guten maatte vera øydelagd.

Det verste var at han hadde vori Kvinnesvikar.
Liksom Far hans. Daara Kvinnur; mange Kvinnur.
Gunhild tenkte paa seg sjølv. Ho visste kva det hadde
paa seg for eit ungt Kvende aa koma ut i slikt. Og
for hans Skuld hadde mange misst Livsens Vonir; for
hans Skuld leid mange den verste Naud. Kor mange
tunge Vaabønir laag det ikkje alt og brann yvi hans
unge Nakke; kor dyrt han visst alt var forbanna av
desse mange vonlaust ventande som han med kaat Hug
hadde skjemt. Ho gjekk att og fram i den store Stogo
og vreid sine sveittande Hendar; stana og stod lange
Stundir og stirde, ende ut i Lufti eller ende inn i seg
sjølv; for i sine eigne Tankar livde ho no; ikkje i
Verdi.

Med ein Gong blenkte det upp att for henne, at
naar alt kom ihop, so var det ho og ikkje han som
hadde Skuldi. Han kunde ikkje hjelpe at han var
slengd paa Gata millom Herke og hadde lært alt stygt;
dei som banna honom gjorde Urett: dei skulde banne
henne. Ho var Syndaren. Men ikkje ho heller; han
der heime, Baard Nes, han som hadde øydelagt henne,
han var Syndaren; paa hans Hovud skulde alle desse
Vaabønir samle seg; han skulde lide for alt som var
hendt; for seg sjølv, for henne, for Son hennar; for
alle dei unge sund-rivne Liv; for dei Barneborn som
no gjekk rundt i Verdi og leid vondt og lærdest upp
til vondt; Skuld paa Skuld ut igjenom all Verdi, ut
igjenom alle Tidir, alt ut til Domedag . . .

Men Guten, Guten, han var skuldfri; han maatte bli
frelst. Berre han vilde koma. Tidi var snart ute; ho

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free