- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
198

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180

SELD TIL DEN VONDE 198

skulde det byrja, og so, i same Stundi, kom ho, Mor
hans, yvi han som ein svart Lagnad, med Likferdsbod,
med Gravklokkur, med det fælaste av alle Bod: um
nokre Dagar skal du ut av Live; um nokre Dagar skal
du ut or di nyreidde Brudgomsseng og beint til
Hel-vites Avgrunn . . .

Dei tvo unge stod der som avdaamde. Gunhild
bleikna burt for deim, treiv um seg i Lufti og seig i
Uvit. Kva i Guds Namn var tids?

„Ho vart visst altfor glad," sagde Baard. „Ho døyr
vel ikke?" spurde Anna. „Nei," meinte Baard. Dei
hadde lagt henne upp paa ein Sovebenk og dynka
henne kring Panna med kaldt Vatn; snart etter vakna
ho. Anna kom mest paa Graaten, daa den gamle slo
Augo upp att. „Kjære, er det noko som feil deg
tungt?" sagde ho. Gunhild saag paa henne med stive
urolege Augo og tagde. Endeleg braut det fram som
ein Sukk: „stakkars Barne mitt; stakkars Barne mitt!"
Anna Svar var ikkje aa faa.

Baard tok til aa undrast. „Kor er det med deg,
Mor?" spurde han. „Du maa ikkje sjukne fraa oss no,
naar me hev funnist og skal hava det godt!" Ho varde
for seg med Handi. „Ikkje no, ikkje no," bad ho;
„ikkje no! Sidan! aa Herre Gud, sidan!"

Baard og Anna saag paa kvarandre. Det kom som
eit vondt Varsl yvi deim dette og gjorde deim uglade.
Gunhild laut aat Sengi. Der laag ho ei Stund med
Hendane ihop yvi Panne og Augo; so sagde ho at ho
vilde sova, og Baard gjekk ut. Anna sat hjaa henne;
Gunhild seig etterkvart av i ein Døs.

Um Natti sat dei uppe og vakte; Gunhild hadde
Feber og var uroleg. Ut-yvi Midnatt vart ho verre og
tok til aa ørske. Ingin av dei unge fekk Meining i
det ho sagde; men at ho hadde noko paa seg, det
skyna dei. Det var underlegt for desse tvo glade
Ungdomane aa koma fraa Bryllaupsstaak og Elsk og inn i
ei Sjukestogu; men endaa fælare vart det ved dei gaate-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free