Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
SELD TIL DEN VONDE 202
henne? Kvi sat den sjuke so tidt og strauk henne
yvi Haare og sagde „stakkars Barn"? Var ho komi
her hit og skulde lide noko vondt?
Den sjuke vart meir og meir forunderleg. Rett som
det var kvakk ho upp og skreik: „bed Baard koma!"
og strakst etter jamrande: „nei, nei; eg kann ikkje, eg
kann ikkje!" Eller ho bad Anna sende Bod etter
Presten; men i næste Stundi fekk det vera att. Stundom
kom ho med underlege Spursmaal, eller med ville fæle
Sogur som ho fortalde med slikt Aalvor, slik Uro; so
bad ho Anna fortelja Sogur av same Slage, og spurde
henne ut um alle Ting i deim liksom det vedkom
henne! Ender og Gong sat ho i Sjølvgløymsle og mulla
uhyggjelege Ting um den Vonde, um aa narre den
Vonde . . . Anna vart rædd denne bleike Kona og
trudde meir og meir at ho ikkje var klok. Det torde
ho ikkje segja; dess meir forpint og raadlaus kjende ho seg.
Det var tri Dagar att av dei tie. Daa heldt ikkje
Baard det ut lenger. Han gjekk inn til Mor si og
spurde henne aalvorsamt um her var nokon Ting tids.
Han fortalde henne det som ho hadde sagt daa ho laag
sjuk, og um dei Tankane han hadde teki av det.
Gunhild sat og gøymde Andlite; han kunde sjaa at det
gik Skjelte-ridir gjenom henne; men ho svara ikkje.
Daa vart han rædd. „Svara meg, Mor! Skal eg
døy?" sagde han. „Eg gjeng her og sjuknar burt av
Uro; eg fær ikkje Fred korkje Natt eller Dag; seg
meg at eg tek i Miss! seg at eg ikkje skal døy; at
det er berre sjuke Innbillningar av meg! Seg det Mor!
eg bed deg! — for eg kann ikkje døy no." Gunhild
svara ikkje; berre sat og vreid seg. Sistpaa sprang ho
inn i Soverome sitt og stengde Døri. Baard høyrde
at ho stunde og bar seg der inne liksom ho hadde
vondt.
I si Sjælenaud gjekk Baard til Doktaren. Doktaren
sagde at han var frisk som ein Fisk; „og du døyr
ikkje, -— utan det skulde vere so laga." „Men eg vil
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>