Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
SELD TIL DEN VONDE 214
og samla ikkje lenger anten han las gali eller rett. Og
Presten messa; messa so det kvein; Tonane kraup rædde
ned gjenom Kyrkja og støytte mot Veggine; kom so
endaa ræddare attende.
Hu, kor det knast. Var det den Vonde som kom
upp gjenom Golve? Det lukta brennt; det lukta Svaavel
. . . Han slo baae Armarne um Altare og klengde
seg fast. Forunderlegt! det var som Kyrkja sokk! Nei;
ho stod. Nei; ho stod ikkje. Ho løyste seg fraa Grunnen;
ho duva; ho dreiv som eit Skip i Have.....Dang!"
song det varslande og vekjømelegt liksom langt burte
i ein Bergaas; „dang! dang!" „No vere Gud hjaa oss,"
sagde Presten. Han tok Messeserken paa seg og slo
Teikn i Lufti. „Bed Gud fri deg for dine Syndir! for
no vil dei tyngje mest," sagde han. Og Baard bad.
Presten tok Kalken i Handi og heldt fram for seg; so
tok han til aa syngje med skjelvande Mæle um Jesus
Kristus som dreiv Djevlar ut og let deim fara inn i
Svineflokken ved Genesaretsjøen. Baard tenkte fælin
paa alle sine Syndir, fraa dei fyrste, daa han leika
Kjærast paa Gata med Gjentungar, slost med Gutane
og gjorde Ustykke mot Ferdafolk, til dei siste, daa han
for ute til Sjøs og var Villgast, skamslo Folk og drakk og
øydelagde Gjentur . . . Deira Vaabønirog Klagemaal vilde
høyrast i Himilen no,kannhende sterkare enn alle hans Bønir.
Det gjekk ein Dim gjenom Kyrkja som av eit tungt
Fall. Baard kvakk upp; klora seg fast i Altare so
Fingerendane sveid: „no kjem han!" Det bura og
braka; det knaka og knast; han kjende tydeleg at Kyrkja
ikkje lenger stod paa fast Grunn . . . Og under i Golve
og rundt i Veggine klora og krafsa det liksom av Kløar;
Liki nede i Kjellaren dunka tungt i sine Kistelok; dei
venta Gjestir! Baard treiv Tak i Prestekjolen, vitlaust
rædd. Det svartna gjenom Rome; Ljosi brann blaatt og
gult; no tok Kyrkja til aa svive; det kviskra og kvæste
rundt alle Lemmar; ein stor Kvalfisk med Eldaugo laag
og gapte ned i Kordøri og vilde gløype han; det var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>