Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180 SELD TIL DEN VONDE
215
den Vonde! Det var den Vonde! Han voks, voks og
vart styggare og styggare, og hadde lange Armar som
kraup og tøygde seg uppetter Golve nærare og nærare,
og vilde faa Tak i Føtane hans. Dynjing og Dunder
gjekk gjenom Rome liksom naar dei spikrar Loke paa ei
Kiste.....Vik burt, du vonde Aand!" skreik Presten i
Daudrædsle; „denne Mannen hev gjevi segGud i Vald!" —
Eit villt Rop som av eit Kvende høyrdest, og hastande,
ustøde Stig. „Eg vil vera hjaa han no! Meg kann
den Vonde taka, ikkje honom!" ropa det; og tvo Kvinnur
trengde seg fram mot Altare. Den eine var Gunhild,
fæl aa sjaa, blaableik yvi sine hole Kinn, Haare i Tjafsar
framyvi dei blodsprengde Augo; den andre var Anna,
kvit som Lik. Med stivt Andlit og endaa stivare Augo
rette Presten Kalken og Boki fram imot deim, lyste og
forbanna so det gjekk svart um deim: „vik burt, de
Djevlar i Kvendeham!" Og dei fekk ikkje koma fram
til Baard. Daa kvakk Gunhild stygt; ho seig halvt attende
og studde seg tungt mot Anna. Men Anna orka ikkje
meir. Ho lagde henne varlegt ned; lagde seg sjølv paa
Kne ved Sida av henne og tok til aa lesa Fadervaar,
halvt i Ørska, halvt i den Tanken aa vise Presten at
dei var Folk og ikkje Skrymt. Daa vart Presten
standande som handfallin. Og daa Anna kom til den tridje
Bøn, tok Klokka til aa slaa tolv. Midnattstundi var yvi.
Presten drog ein djup Sukk; han studde seg skjelvande
til Altarborde og turka Sveiten av Panna. „Frelst!"
sagde han. Baard krabba fram paa Knéi og treiv
Hendane hans: „Takk! Gud løne deg for dette æveleg!"
Det gav ein Rykk i Gunhild. Ho rette seg upp:
„frelst?" kviskra ho. „So Gud vere æveleg Lov og
Takk ..." Ho seig tungt attende. Daa Baard kom
fram til henne var ho slokna.
Dei tvo unge laag paa Kne upp-yvi henne; Presten stod
attum med Ljos. Og han sagde: „maatte Mori no gjeva si
Sjæl i Bot for Barne? Me veit ikkje. Men Guds Domar
er alle rettvise; honom vere Pris og Ære æveleg, Amen".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>