- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
218

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

218

STORDAAD

Dei var morlause i desse Dagar, dei tvo. Gamla
laag heime i Lössementa i Rodfyllgata og var itte fresk;
elles hadde visst ikkje ho spart seg. Til vanlegt var
ho aa sjaa paa Gata kvar Dag, denne vesle Halvtussa
med Saue-andlite og den flate svarte Halmhatten ut-yvi
Augo og Øyro som Straatake yvi ein Høystakk; kvar
Dag, Vinter som Sümar, stod ho i Tuni og sveivde og
sveivde paa Lira si til aa tena Maten aat seg og sine
tvo Lomb, som nok ingin Far hadde til aa forsyrgje
seg, gubbære oss — dei hadde i det heile ingin Far
paa skikkeleg Maate —; og Johannemor, Gjentungen, var
daa med og song.

For Johannemor var eit Vedundr til aa syngje. Ho
hadde eit Brjost so lett so lett; og Maal var der i henne
som ho skulde vera ein Gutunge. Ingin kunde gaa so
høgt i Abligaturen som ho; og so hadde ho eit Lag
med aa syngje gjenom Nasen, so naar ho rett sette i
kunde det gaa til Merg og Bein paa den hardaste.
Tusse-Katrine sagde tidt at ho kunde aldri Gud
fulltakke for Johannemor; ho fekk alltid Skillingar naar ho
hadde henne med seg, ikkje minst av fine Folk; og
naar Lira lét og Johannemor song var det so pent aa
høyre paa, at Tusse-Katrine for sin Part ikkje visste
noko som var so pent i denne Verdi.

I det heile gjekk det ikkje verst for Tusse-Katrine;
og ingin kunde segja anna enn at ho stelte vel baade
for seg sjølv og for Ungane. Drakk gjorde ho ikkje
utan naar det so høvde seg; matlaus var ho sjeldan so
lengi ho var frisk; og Klæde hadde ho baade til seg
sjølv og Johanne so vidt at dei kunde koma paa Gata.
Hans var det ikkje so faarlegt med; han kunde for
det meste liggje heime naar det var for kaldt i Vére.

Men i dei siste tvo Dagane hadde Tusse-Katrine
vori so daaleg at ho ikkje kunde koma ut; og so
vart det ikkje onnor Raad enn at i Dag fekk
Johannemor draga paa Byen aaleine. Og daa laut Hans vera
med. Han kunde vel ikkje gjera stort til Gagns, han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free