- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
217

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

STORDAAD

217

og mykje Vingl tvo Fatig-ungar med ei Lirekasse. Det
var ei Gjentetaus i Masjonsalderen, storbygd og bleik,
og so ein Gut paa dei tie eller elleve. Av Klæde hadde
dei ikkje meir enn dei turvte nokon av deim, men
Guten minst; og det vesle dei hadde var Fille i Fille
og Bot i Bot, helst hjaa Guten. Føtane deira var ikkje
langt ifraa nakne; og det dei bruka til Skor var lite
verdt aa sjaa paa. Men paa Ryggen bar Gjenta
Lirekassa; og Guten gjekk med den vesle Lirestolen under
Armen og fraus so han blaana um Nasetippen. Han
var mager som ein Marekatt og svoltin som eit Slog;
og Gjenta, ho var vel ikkje stort meir mett.

Det var stridt for henne aa arbeide seg fram med
Lira paa Ryggen; og Meiningi var, at naar Vinden kom
og vilde danse med henne, so skulde Guten vera henne
til Studning og Hjelp. Men Vinden var sterk og
Gutungen veik; og meir enn ein Gong vart ho sett til
Veggs, so det song baade i henne og i Kassa. Daa
skreik ho gjenom Blaastren og sagde at Guten var ein
Tosk og ein Tull og ymist anna som kanskje var vel
so stygt; men Guten tok det med Ro og berre hustra
og fraus og blés i dei valne Fingrane sine som var
harde og magre som Rivetindar; og naar Gjenta saag
det, so var det som ho vart blidare att.

„Fryser ’u, Hans?" peip ho.

„Aa, no’e saa," svara Hans.

„Slaa Floker da vel!" sagde Gjenta og studde seg
med Lira uppetter ein Port. Guten sette Lirestolen
ifraa seg og freista; men stiv og ulagleg var han, og
han fekk det ikkje til. Og vondt gjorde det i
Fingertuppane; og ikkje nytta det heller. „Skitt," sa
han; „dæ kann vera dæ samre; jæ fryser naa itte
saa reint verst heller. Lat oss gaa naa da!"

Og so gjekk dei.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free