- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
242

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

242

UNGDOM

Skulde Kvinnfolki taka til aa moralisere, dei au no?
Hm; nei daa heldt han paa Anne Malene. Ho hadde
berre ein Moral ho: at ho vilde gjera som ho vilde.
Og det var . . . Gudbevars! det tok seg ikkje ut i
Bøkar. Det var ikkje forsvarlegt; og det gjekk ikkje
for seg at Folk var so frie; men!

Anne Malene gjorde mykje som var gali. Ho gjorde
alt som var gali. Og endaa vilde Carlstad taka Gift
paa at ho var meir uskyldig enn tusund og tusund av
deim som gjekk og var moralske og snakka Skandale
og vart raude berre ein nemde so ærlegt og nyttigt eit
Plagg som ei Brok. Kanskje Syndi ikkje beit paa
Anne Malene av di ho var so fri for Samvit? Sagde
ikkje Paulus at det var Lovi som gjorde Folk syndige?
Og stod det ikkje skrivi, at „Kjærlighed skjuler
Syndernes Mangfoldighed" ? Og Salomon sagde, og Goethe
sagde, og Gud veit kven det var som sagde, at
Kjærleik, det var Livsens . . . Livsens . . .; og no skulde
ikkje han faa elske Anne Malene, som var so søt og
som gjorde han saa glad, berre av di allslags
uvedkomande Godtfolk fann det umoralskt. Kva hadde
han med Moralen aa gjera? Hadde han vori med og
underskrivi dei tie Guds Bod?

Han var ingin Kjeltring. Det var den
Faaming-skapen at ein skulde gaa og pine seg med vondt
Samvit, so snart ein gjorde noko som ein hadde Hug til.
Kvi skulde ein ikke gjera det ein hadde Hug til? men
alltid det som var keidt og leidt? Kva var dette
Samvite for Slag? Var det anna enn Folkedomen i
oss, denne djupe religiøse Rædsla for Bygdesnakke,
Organe for Bygdesnakke, gamal nedervd
Samfunds-vedtekt, inn-ervd, ikjøta Fleirtalsmeining um det som var
pent eller høvelegt? Naar ein var trygg paa at ingin
visste noko, so var Samvite ikkje anna enn ein
stikkande Otte for at Folk kunde faa vita noko: Anne
Malene hadde Rett: det ingin visste kom ingin ved;
han vilde, Fanden gale, slaa seg til Fritenkjar!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0250.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free