- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
243

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

UNGDOM

243

Jens Carlstad kom sistpaa til det, at heile denne
Greida var ei underleg Greide, og at han ikkje lenger
forsted seg sjølv. Han hadde alltid vori ein moralsk
Mann. Men no hadde han tvo Kjærastar; og av den
eine fekk han Øyredaskar av di han var for moralsk,
og av den andre fekk han „En Hanske". Han hadde
visst fortent baade det eine og det andre; han var den
største Slampen som gjekk i tvo Par Sko; men han
vilde vera eit Asen um han kunde gjera noko ved det.
Kvi kunde han no ikkje faa halde av den Gjentungen
ei liti Stund? Ein vart tidsnok gamall og tidsnok gift.
Og daa var det Striskjorta og Havrelefsa og Stræve for
Maten fraa Hand i Munn; og sidan Gikti; og so Lik-Kista;
ein var berre ung denne eine fatige Gongen; og so
skulde ein ikkje faa vera lettsindig i dei fem-seks Aari
heller! Kvi lét daa ikkje Vaarherre oss koma til Verdi
med graatt Haar og Gikt med ein Gong?

Kvi fekk me ikkje gifte oss so snart me var vaksne?
Det var Spursmaale. Hadde Jens gift seg med Jenny
daa han var sekstan Aar, so hadde han aldri komi
paa galne Vegar med Anne Malene. Men Kvinnfolki dei
gifte seg, naar dei var syttan Aar, dei; so dei kunde
nok koma ifraa det!

Jens tenkte og fundera so han vart baade varm og
kald; men tenkje Tankane ut vaaga han ikkje. Det
var ein Konsekvens han ikkje lika; men tvo Ting stod
fast: at han var ein Noksagt, og at han vilde elske
Anne Malene so lengi han kunde naa henne. Kva
skulde han gjera med Resten ? Jau; endeleg blenkte
det upp for han kva han vilde gjera.

Han sette seg til Borde og skreiv eit Brev. I det
Breve bad han Frøken Jenny lesa „En Hanske" endaa
ein Gong. Og naar ho det hadde gjort, so skulde ho
prøve seg sjølv aalvorsamt, um ho aldri hadde elska
nokon annan enn underteiknad J. T. Carlstad, og um
ho aldri hadde gjevi nokon annan so mykje som eit
blidt Ord; og so skulde ho skrive tilbake og fortelja

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0251.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free