Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
246
UNGDOM
Tjerand var so stygt, totte Anne Malene. Ho var glad
i Ungen, so der ikkje var Meining i det; men Per
slog paa at „han likna Mor si meir enn Far sin".
„Det gjer dei fyrste ofte," lagde Mor Astrid inn. Daa
dei hadde Barne til Kyrkja fylgde Anne Malene sjølv
med; ho vilde sjaa etter att alt gjekk rett til, maa-tru. Mangt
kunde hende slik ein litin Tull, naar ikkje Mori sjølv
var til Svars.
Fem Born var til Daapen den Dagen, og av deim
eitt som officielt var uægte. Fram stod Presten og
forklaara, at desse fem, liksom alle andre, var fengne i
Synd og fødde i Misgjerning og var av Naturen Vredens
Børn. Men gjenom Daapen skulde dei faa Naade og
Utløysing av Syndi og Liv og Sæle og alt godt og
koma inn i Samfunde aat dei heilage. So bad han til
Gud for desse hans „Tjenere og Tjenerinder som bede
um din Daabes Gave", at dei maatte faa det dei bad
um, og at Døri maatte latast upp for desse som banka;
las deretter det som stend i Testamente um Daapen;
og daa han soleis tydeleg og klaart hadde forklaara for
dei smaae all Ting — og Klokkaren sagde Amen, so
det var sant —, drog den heilage Handling seg upp
til Døypefate.
„Tønnes," sagde Presten. „Forsager du Djævelen?
og alt hans Væsen? og alle hans Gjerninger?"
Ja. Tønnes forsaka Djevelen, og alt hans Væsen,
og alle hans Gjerningar.
„Tror du paa Gud Fader Almægtigste, Himmelens
og Jordens Skaber?"
Ja. Tønnes gjorde det.
„Tror du paa Jesus Kristus, Guds enbaarne Søn, vor
Herre, som er undfangen af den Helligaand, født af
Jomfru Maria, pint under Pontius Pilatus, korsfestet,
død og begraven, nedfor til Helvede, opstod tredie Dag
fra de Døde, opfor til Himmels, sidder hos Guds den
almægtiges høire Haand; derfra han skal igjenkomme
at dømme levende og døde?"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>