Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
UNGDOM
247
Ja. Tønnes trudde alt dette.
„Tror du paa den Helligaand, en hellig kristelig
Kirke at være, som er hellige Menneskers Samfund,
Syndernes Forladelse, Legemets Opstandelse og efter
Døden det evige Liv?"
Ja. Tønnes trudde.
Daa tilspurde Presten Tønnes: „vil du paa denne
Tro være døbt?"
Ja. Tønnes vilde paa denne Trui vera døypt. Og
so vart han døypt. Men daa han kjende Vatne paa
den vesle dunmjuke Skolten sin som ikkje hadde vori
i denne kalde Verdi meir enn i fjortan Dagar, daa
grét han so himils høgt, at ein kunde tru han trega
paa at han hadde komi hit og „bedi um Daapens
Gaave".
Men Anne Malene totte det stod godt til. No var
alt i Orden, tenkte ho, — alt. Baade for Veslegut og
for henne. —
■—- Fraa denne Tid gjekk det godt med det unge
Hjone i Ned-i-Garden.
I Fyrstningi hadde Anne Malene vori noko leid av
seg; og han Per hadde havt sine Mistankar. Han
hadde set Postassistenten paa Vegar og Stigar der den
Fyren etter Pers Meining ikkje hadde noko aa gjera.
Men so reiste Postassistenten; og so kom Barne. No
gjeng Anne Malene og sullar og steller paa Garden sin
millom Folk og Fe og styrer det heile; og Per tek til
aa like seg, og er Mann med god Hug, og trælar for
Huse alt det han orkar. Naar han er full kyter han
av Kjeringi si. „Hei su aa du, aassaa su aassaa du,"
syng han; „Dægeren færi meg er ikkje Anne Malene
so greid ei Kjering som Kjering finst!" Og det segjer
dei han hev Rett i.
Her um Dagen kom ho eit Grand i Ulag; ho høyrde
at Jens Carlstad skulde gifte seg. Men det gjekk yvi.
Ho er aldri i Ulag lengi, Anne Malene.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>