- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
252

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

252

SJØ

hugheil hadde han vori, tverstød, Herre yvi Tilvære.
Der var noko ovmodigt, noko hoggbratt yvi denne
vesle skrinne Fyren; kannhende mest yvi Panna. Ein
Bergkoll som var so bratt at han ikkje var klivande,
og som visste at han ikkje var klivande, kunde taka
seg slik ei Uppsyn, vilde eg tru. Augo var godsleg
spottsame; Smilen yvihøg under Brunine lyfte; dei fine
Munnvikane kunde hæde herleg; og Nosi, den vesle
lineskarpe Nosi, kunde rukke seg i ein Vanvyrdnad
som var heilt-upp drusteleg. Naar han rett var i
Godmøle sitt, soleis naar han i eit Samtalelags-Gilde
stod og heldt Tale „for" Riksraade Selmer — som var
aa likne med ei gomol vindskeiv Furu langt ut-i ei
Myr, morknande og avkvista og meir og meir fraa-flutt
av alle Fuglar under Himilen —, eller „for" Bakstræve,
som sat og saga Greini av under sin eigin Ende,
utan Hugsviv um korleis dette til sist maatte gaa; eller
naar han i godt Lag av Kjenningar slepte seg laus i
Spe eller Spott yvi eitt og hitt som ikkje i hans Augo
var heilagt, — kor han kunde sjaa stridsglad ut,
heilt-upp frøsande stridsglad, og kor Augo kunde lyse; og
kor heile det vesle magre Andlite mylte av Hugnad,
naar han fann den Liknaden som raama og det Orde
som beit. Inkje Ordlag var for sterkt for ’n, naar han
av sin heite Hug kunde faa slengt det ut mot „det
rotne", „det utlivde", det som „stod i Vegen og
stengde", eller „laag og breidde seg og morkna og
kvævde Live". Men eg saag det same Andlite bleikne
i Eldhug, og Augo — eg trur dei spela i grønt —
kunde gløde heilt-upp elektriskt, naar han tala seg
varm for „det som bar fram" og for „dei som gjekk
fyri".

Men no denne siste Gongen hadde det ikkje vori
noko slikt med ’n. Han var still vortin. Tuslin.
Eit lite tunt gult Skjegg hadde grott fram ikring
Munnen og den spituge Höko; og Andlite var
modlaust og mødt. Augo skaut seg fram og syntest større

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0260.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free