- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
256

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

256

SJØ

tok ban til aa grave seg ned i Buckle. Det hev vori
reint ei hard Overgangstid for oss desse siste Aari; og
det i meir enn ein Maate. Det vart daa so at han gav
upp Folkehøgskulen med. Han flutte til Kristiania og
vilde setja seg inn i Bokheim og Tankelære cg bli
Bokskrivar."

„Men so kom denne usæle Politiken.

„De veit korleis det hev vori. Jamvel me
Skulefolk — som i det heile maa halde oss utanfor Riksstell
og slikt —, eg segjer Dykk: i Tidir som desse er det
ikkje lett aa halde uppe Hugen for sitt Arbeid. Ein
gjeng i Uro jamt; ventar paa at det skal hende eitkvart
som vil snu allting um; og i Staden for aa gjeva seg
inn i sitt Arbeid flyg ein paa Kaffihus; maa sjaa dei
siste Bladi og faa vita um det „høyrest" noko. Eg hev
eit Fyrisviv um at det er heller mange i denne Tid
som ikkje fær anna gjort enn drive paa Kaffihus og
rigsstelle."

„Fortel ikkje meg um det," sagde eg. „Eg kjenner
til det."

„Vénen vaar," heldt han fram, „vart sjølvsagt strakst
dregin ned i denne Havsvelgen; og baade Bokheimen
og Tankelæra vart lagde paa Hylla.

Men no hadde han livt Folkehøgskuleliv so lengi at
det fall vanskelegt for ’n aa lære Maale aat denne nye
Tid. Han hadde stadi paa ein Lærestol og tala til
Uppgløding og Vekkjing for den Ætti som voks upp;
det han no skulde skrive eller tala laut vera paa same
Maaten: store aalmenne Tankar i store aalmenne Ordlag.
Han laut vera uppglødd eller harm. Kva skulde han
taka seg fyri? Han kunde ikkje styre eit Blad; for
han var ikkje Riksstellar. Og ein kunde ikkje setja ’n
til Smaa-Arbeid i Blade; for det skyna han seg ikkje
paa. Eitt var her som han kunde ha vorti. De veit
det er eit nytt Yrke som kjem upp—: han kunde vorti
Folketalar. Men ein liver ikkje av det. Dessutan er
eg rædd at den politiske Visdomen hans snart hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0264.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free