- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
257

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SJØ

257

vori upp-øydd. For det var berre dei store Grunnane
han kunde tala um. Det kunde han gjera godt, ja
framifraa; men ein held ikkje ut med det i Lengdi.

„So vart det daa mest aa skrive aat Bladi for
Spalteløn. Kva gjev dei for Spalta her hjaa oss? Tvo og
upp til fem Kronur? Naa-ja; ein kjem ikkje langt med
det. Og Umsetjingar gjev dei vel endaa mindre fyri.

„So skreiv han sjølvsagt i dei aira verste
Vinstre-bladi. Og det han skreiv var, som De veit,
himil-stormande Aatak paa det absolute Veto, som der ned i
Smaabyen gjeld for ein av Hyrnesteinane i Tilvære,
jamsides med Kongedøme, Kristindomen og Samfeste
millom Norig og Sverige. Ein kunde sjølvsagt ikkje
hava noko aa gjera med ein av Ætti som skeiva so
reint av."

Det skyna eg.

„Og so vart det verre og verre for ’n. Han nemnde
ikkje noko um det; daa visst ikkje til deim som han
kunde ha venta Hjelp av; men smaa» for ’n hev det
vori; ille smaatt. Det var Tidir daa han reint vart
burte for oss. Me baud han til oss baade ein og
annan; me bad ’n koma naar han hadde Hug; han
gjorde oss ein stor Hugnad um han vilde vera til
Middags hjaa oss so daa og daa; og so for ein Dag.
Men han kom ikkje. Stakkars Fyr; han hadde vel sine
Mistankar."

„Og alt dette hev me gjengi her og ikkje gaatt etter.
Ikkje lagt Merke til!"

„Aa; ein merka det av det veksande Beisklynne.
Han kunde vera leid, høyrer eg, naar den vonde Luna
var yvi ’n. Og det hende visst ofte. Det vert ikkje
noko vidare helsesamt Liv ein fører, naar det er soleis
steilt. Süme Tidir Saknad; andre Tidir Ofsing. Og det
skal ikkje so overlag mykje til, fyrr slikt eit Bymenne
no for Tidi hev øydt Krafti si."

„Det skulde daa beint fram vera det?"

Han drog paa Aksline. „Det hev gjort sitt."

17 — Garborg. VI.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0265.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free