Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
SJØ
261
No snudde Presten seg hit til vaar Kiste att. Eit
Vers vart sungi. Fire Mann kom fram og stellte seg
upp attmed Kista, tvo ved Hovude og tvo ved Fetane.
Fyrigangsmennane stellte seg upp framfyri Kista med
sine svarte Likferdsstavar. Desse Stavane var ikkje so
staselege som dei paa Vaar Frelsars Gravlund; men
det gjekk for det same. Det vart gjevi eit Teikn, og
Ferdi sette seg i Gonge. Av rimelege Grunnar var
der ikkje noko ein kunde kalle Rang-Skipnad i Ferdi;
eg trur at dei gjekk fyrst som hadde kvitt Skjegg.
Upp-i Kyrkjetaarne tok Klokkune til aa ringje,
ved-kjømelegt og mjukt i litin Ters. Det var ikkje lang
Vegen. Nokre Stig nordanum Kapelle hadde dei funni
Rom til Vénen vaar. Eit heller trongt Rom var det;
men han turvte det ikkje stort. Han hadde alltid vori
litin og mager.
Gravi hans laag tett innmed nokre andre, som nett
var so vidt tilkasta. Ein fekk den Tanken at Kistune
der nede maatte staa tett innpaa kvarandre, som paa
eit anna Upplag. Men kva gjorde det for deim som
i laag?
Paa den rett store Høgdi som hadde laga seg ved
denne Samanstiming av Gravir krabba Fyrigangsmennane
vaare seg med synleg Møde upp. So kom Kista,
sving-lande og svivande som ein Baat i Sjøgang. Etter Kista
kom Klokkaren; so Presten som vart hjelpt av
Klokkaren ; so Kyrkje-Songkore, og sist dei av oss som
hadde kvitt Skjegg. Alle fiktande og strævande med
aa vinne seg upp, og med aa halde seg uppe. Det
vart Sjø, og heller strid Sjø, for Vénen vaar alt til
Slutten.
Men so var daa dette og den siste Vansken han
hadde aa vinne yvi paa Ferdi si. Kista vart fird ned
paa Gravbotnen; der stod ho stødt. Og no skulde han
ikkje lenger.
Kyrkje-Songkore, tri Mann høgt, song tri-røystugt
det fyrste Verse av „Hvo véd hvor nær mig er min
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>