Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
264 AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE
Moen meinte at eg burde slaa Lag med deim. Eg
vilde hava Hugnad av det, sagde han. Tyrolaren tagde
og syntest dermed aa samtykkje. Eg var ikkje uhüga
til aa høyre paa denne Véne-Raadi; det evangeliske
Ungdomslage kunde visst nett-upp høve for meg no.
Eg var nyleg komin hit til den store Byen; og eg
galdt for aa vera det eg var: svært lite grunnfest.
Anden hadde nok so smaatt teki til aa arbeide med
meg; det kunde ein med Takk til Gud segja; men
retteleg og i Grunnen stod min Hug og Tanke til
Verdi enno; og serleg hadde Djevelen fengi eit stygt
Tak paa meg gjenom Teatere.
Der vanka eg altfor tidt. Og eg kunde sitja upp-aa
Attanskillingen, eller um det kneip, paa Tolvskillingen,
og tenkje med meg sjølv, mest paa Graaten av Trass,
at um det førde til Helvite aa gaa paa Teatere, so
vilde eg gaa paa Teatere endaa.
Eg skyna nok at soleis kunde det ikkje halde paa.
Fyrr eller sidan laut eg venda meg um fraa
Vildre-Vegane mine. Eg visste at Gleda i Verdi ikkje kunde
gjeva Sjæli mi Fred; det hadde eg alt mest røynt;
dessutan var det altfor vaaglegt, ræddast eg, aa gaa soleis
og lite paa Langmode hjaa Vaarherre. Etter den tunne
Livstraaden hekk eg og dingla yvi Helvit-Djuve;
Traaden kunde slitne kva Stund som helst. Og daa
var Leiken ute.
Men eg var ikkje soleis laga at eg kunde verte
frelst paa vanleg Vis. Lovi beit ikkje paa meg; og
daa kunde ikkje Evangelie heller faa hjelpe. Laus og
ustød var eg baade i Sjæl og Sinn; Hél-Rædsla vilde
aldri rett faa Magt i meg; og kva kunde det hjelpe
at eg vedkjendist Syndine mine, naar eg ikkje angra,
og daa visst ikkje hata deim? — for det gjorde eg
ikkje. Mi store Hovudsynd, det brotslege Samlive med
Inga Grønelid, elska eg endaa-til; og det var ikkje mi
Skuld at det hadde teki Ende.
Skulde eg bli frelst, so maatte det, aa kalle, gaa for
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>