- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
265

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 265

seg so eg ikkje visste av det. Eg maatte bli lempa
inn gjenom den tronge Port. Lokke, ja reint ut lure
meg inn i Himil-rike maatte dei. Um no det
evangeliske Ungdomslage kunde lure meg paa den Maaten?
Eg heldt det ikkje utrulegt. Det tala i Lovine sine
um „Hjem" og „kammeratslig Hygge" saman med
„alvorlig Livsanskuelse" og „sand kristelig Aand";
noko sovori var det visst nettupp eg turvte.

Dessverre skulde „Maria Stuart" gaa paa Teatere
i Kveld; det var til Inntekt for Fru Gundersen. Og
naar eg ikkje vakta paa meg sjølv, tok Nordraaks
Menuett strakst til aa tone og lokke i Øyro mine.
Men alt sovori laut eg sjølvsagt skubbe til Sides, so
framt eg skulde til aa tenkje paa aalvorsame Ting.
Og det fekk eg vel gjera no; ein Gong laut ein byrja.
I Røyndi var der no ikkje so mykje aa forsaka heller.
Kva kunde det makalause Spéle til Fru Gundersen
hjelpe meg naar eg skulde døy; eller kva Trøyst kunde
eg finne i Nordraaks Toneleik naar eg skulde fram
for Domen? —

—• Me heldt Siesta, som Tyrolaren sa; og godt
smaka dette.

Kaffien var drukkin og Pipune kveikte. Inn gjenom
Glasi laag det vaarlege Solskine med smellande Ljos;
gjenom den opne Svaldøri hadde me Lufti. Og fraa
Hagen utanfyri, og fraa alle Hagane i Homansby, som
og fraa Engine og Skogholti ovanum, strøymde den
sterke Angen av Fyrisumar inn yvi oss som ei linn
Rusing.

Fred raadde paa Rome vaart. Berre ei Humle
surra rundt upp-under Lofte; ho hadde vildra seg inn
fraa Hagen og kunde ikkje finne ut att. Smaae graae
Petum-Skyir vogga seg andemjukt i Solspele; lyfte seg;
sekkte seg; kvarv.

Det var ein syvjesæl Dauvleik i Lufti. Noko
burt-drøymt fredsælt og stilt. Byen høyrdest inn gjenom
Sval-Døri som ei Susing langt burte; eller kannhende

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0273.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free