Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 267
Og han kunde stelle seg, Tyrolaren. Det tok Tid;
men so vart der noko av det au; han vart fin naar
han gjorde seg fyri. Til dette hjelpte mykje dei svarte
Kisteklædi som han aatte; og dei skulde han hava paa
seg i Dag, saag eg. Det gjorde sitt til aa setja meg
i Aalvors-Lag.
Ei Stund etter strekte Moen seg. So saag han paa
Klokka si og reis upp av Stolen. Paa sin stillmælte
Maate lét han um, at det vel kannhende snart var paa
Tidi no aa tenkje paa aa ferde seg. Han vabba i
makiege Huskjole-Stig burt aat Omnen; sette Pipa fraa
seg og sputta; Pipa hadde nok vori sur. Snudd so
halvt til meg, men med Augo like sælt ut gjenom alle
Vindaugo, sagde han: „korleis er det; trur du du vert
med?" Eg tok meg paa Tak. I Dag var Naadens
Tid; ein Gong laut ein gjera Aalvor av det. Og med
eit stiilt Velfar til Maria Stuart i Skotland svara eg:
„ja; eg tenkjer ... eg tenkjer eg vert med, ja." —
„Det var gildt, det," sagde Moen og tok til aa draga
av seg Huskjolen. —
— Festen skulde byrja i Bønehuse i
Hausmannsgata Klokka 5; Pastor Hermansen skulde opne. For
meg, som ikkje hadde anna Ferda-Stell enn aa taka
paa meg Hatten, var der god Tid. Eg vart sitjande;
og djupt inne i Sjæli mi heldt eg enno ein Gong
Upptal yvi dei Grunnane som det kunde vera til aa
heller gaa paa Teatere. Naar Sanningi skulde upp,
so var det dit eg helst vilde; og i Dag hadde eg
Skillingar au. Men det var ingin av Grunnane mine som
heilt vilde rekkje til; og daa visst var det ingin som
Moen vilde godtaka. Og Tyrolaren, — med sine haale
brune Augo vilde han sjaa tvert igjenom meg med ein
Gong.
Endeleg var dei ferduge. Det var svært som dei
skulde væra fine i Dag baae tvo; Moen kösta seg,
han med, og det heiltupp paa Aalvor. Daa eg saag
dette, vakna Samvite mitt. Eg fekk daa sjaa ut som
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>