Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 266
det var berre Lufti. Den store ljose Sümarstilla gav
ein sæl litin Hüg til aa blundre av.
Eg laag paa den gamle hardstappa Sofabenken og
smatta so smaatt paa ei lang Studenterpipe. Lovine til
Ungdomslage hadde eg i Handi, men hadde gjevi upp
aa lesa. Ikkje tenkte eg heller. Berre ender og daa
dreiv ein Tanke framum meg svevnug og svivin. Aa,
so godt som dei hadde det, dei som alt var umvende!
— I Grunnen var der ikkje nokor rett Meining i aa
umvende seg i slikt eit fint Ver. — Aa for Snakk!
Var no det au noko aa koma med? Tenk; orsaka seg
med Vere! —
Paa skjøns imot meg, paa hi Sida Borde, sat Jonas
Moen i den graae Hus-Kjolen sin. Han létst lesa i
eitkvart som laag uppslegi framfyri ’n; men i Grunnen
gjorde ikkje han heller anna enn røykje. Det store
stridhærde Hovude hans laag som vanleg paa Skakke,
liksom det drøymde um Soveputa; og yvi det
raud-leitte godslege Bonde-Andlite hans med dei smaae
raudkanta Augo var liksom enno att noko av
Kyrkje-freden fraa Morgon-Ykti.
Tyrolaren, den lange spede med blaasvart Haar og
den vene brune Liten i Hudi, laag attlengis i
Ruggestolen og røykte og las i „Norsk Missionstidende".
Um eit Bil riste han paa Hovude og lagde Hefte fraa
seg; „quel bruit for ein Verkefing," sa han. „Kva for
ein Verkefing?" spurde eg. „Det er ikkje hans eigin
dessmeir; det er Kona hans sin." „Kva for ei Kone?"
spurde eg. „Kona til Broder Pedersen i Sululand,"
svara han. Moen saag upp og mælte stillfarande: „aa
ja; dei turvte no ikkje plent skrive so mykje um slike
mindre vigtige Ting." Eg tok Trøyst av dette; ein
turvte daa Gud-skje-Lov ikkje reint gjeva upp Retten
til aa hava ei Meining, um ein var eit Gudsbarn.
Tyrolaren saag paa Klokka si og reis upp. „Man
muss sich drapieren," sa han, og gav seg smaatt og
jamt til aa stelle seg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>