Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE
269
Rødur og Laatt strauk dei sin Veg, og mynstra oss
med snare Augo; men alltid fekk Tyrolaren eit
Augnekast til Slutt som gjorde meg vondt; kvi var ikkje eg
au fager?
Og etter Gjentune fylgde Gutane. Der var alle
Slag; store, støde Handverks-Sveinar i Sümarbunad;
svartklædde, legg-granne Artianarar og Studentar med
Stavar, Brillur og Sigarar, undrande seg paa kva
denne Kvelden kunde føre med seg av smaae Æventyr;
der var og Herremennar av uvisst Yrke; men alle
syntest samstellte um aa ikkje koste so mykje som ein
Tanke paa si udøyelege Sjæl. Enn alt det Vaarherre
skulde vera nøydd til aa sjaa paa!
Eg og Venine mine vandra Vegen vaar stiilt og
sagde ikkje mykje. Det vardt rødt eit og anna um
Presten Hermansen; elles var det ikkje anna enn
ender og daa nokre Ord um Vére.
Teater-Lysingar stod og lokka paa alle Gatehyrno:
Maria Stuart i Skotland, Musik av Rikard Nordraak!
Um eit Par Timar skulde Duken gaa upp for Dansen
i den gamle Kongeborg; det sekstande Hundradaar
skulde fram or Gravine sine og danse Menuett. Og
til den høgtidsame Dansen skulde Tonane suse som
Haustvind i gamle Eiketre. Eg høyrde deim alt; dei
tok til aa vogge og bylgje for Øyro mine som ei
Forlokking. —
— Der laag Bønehuse. Det var ein stor raud
Murstensbygning med høge smale, kyrkjevorne Vindaugo;
eit lite Namn til Hage grønka utanfyri. Inngangen
stod opin og gapte imot oss som ein svoltin Svelg.
Den gamle Adam reiste seg i meg endaa ein Gong,
men vart nedtvinga. Nordraaks Menuett døydde av og
kvarv som Song langt burte. Det kvite Sløre til
Dronning Maria skimta fram og kom burt i eit
Skog-tykke. Med ein Tölmods-Sukk gav eg upp Voni for
godt, og stemnde fram mot den svoltne Svelgen med
ein god Vén paa kvar Side.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>