Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 270
Røme var raadlaust. Det var nok paa sin Maate
rimelege Folk, desse Kjenningane mine; og so lite
som eg enno i Røyndi kjende til deim, so kunde det
jamvel hende at eg gjorde deim Urett naar eg heldt
deim for Guds Born. Dei gjekk so stilt med alt.
Men stole paa deim kunde eg ikkje. Det var i det
heile raadlaust aa finne litande Verdens-Born i den
Krinsen dér eg no vanka ; dessutan var Kjenningane mine
fraa Stavanger, der alt Folk var Gudsborn i den Tid.
Elles tenkte eg ikkje paa aa røme. Verdi kunde
med all si Moro ikkje i Lengdi gjeva Sjæli mi Ro;
fyrr eller sidan laut eg vende um fraa min vonde Veg;
dessutan var me alt ved Troppi.
Me kom inn i eit overlag stort Rom, langbygt, med
kalka Veggir og Vindaugo til Skuggesida. For oss
som kom beint fraa den yrande, glirrande Solglimen
ute, gjorde det døyvde Ljose godt. Like eins gjorde
det godt at her var so kjøli; Lufti kjendest elles
kannhende noko innestengd.
Paa den innste Veggen rett imot Døri hekk ei stor
svart Veggtavle som gav Rome ein Tilsmak av
Skule-stogu; Tavla var umkransa med ei Fletting av
Granbar til eit Vitnemaal um, at det me i Dag skulde halde
var Fest. Golve var rudt, og Benkir og Stolar borne
ihop i ei Kraa ved Utgangen. Noko lenger inne i
Salen, til høgre, stod eit stort Bord, uppduka med
paasmurt: ferdug-laga Skivur. Endaa lenger inne hadde
dei Gjestine som var komne steilt seg upp; i tett
Flokk stod dei, eller snarare i tvo Flokkar, daa det
midt i Salen var lati ein smal Gang opin. Øvst
upp-under Veggtavla stod Talarstolen; det var ein vanleg
Lærarstol.
Me stellte oss inn-aat den eine av dei tvo Flokkane,
den til høgre; og daa eg hadde steilt meg upp, og
funni Utveg med Armar og Hendar, gav eg meg til
aa augnefara denne Samling av Ungdom som hadde
skilt Lag med Verdi og hennar Lyst.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>