Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 271
Det var aalvorsame, tekkjelege Folk, mest
Læregutar i Handel og Handverk, og so Studentar. Dei
gjorde inkje Staak. Dei stod der dei stod, meir eller
mindre ufritt uppstellte, den eine altum den andre so
vidt Raad var; det saag ut som det var eitkvart dei
vilde verja seg imot. Mange rødde ihop, men stilt;
og eg saag Smiling ender og daa, mest millom dei
som stod attlengst.
Eg tykte mest det kjendest verdslegt at Folk smilte
her; men endaa meir verdslegt kjendest det store Borde
med Skivur. Eg granska Framsetningi med mistrugne
Augo; her skulde vel ikkje vera 01? -— Nei; her var
ikkje 01. Berre Mjølk. Og daa kunde der ikkje vera
noko aa segja.
Ei kvævd Kjensle var komi yvi meg; men so fekk
eg Auga paa Song-Lage. Det var den vesle Hopen
som stod upp-ved Talarstolen so halvt for seg sjølv og
saag embættsleg ut; dei smaae blaaperma Songbøkane
fisla. Gudverelov; me skulde hava Song. Eg drog
Anden lettare.
Døri stod uppe; fraa Dagen der ute kom der endaa
stundom dukkande inn ein einskild, eller eit Par
einskilde, som skulde hit og halde Fest. Dei gjekk inn
i den eine eller den andre av dei tvo Flokkane og
kom burt der; det saag ikkje ut som Flokkane voks.
Eg stirde mot Døri so Augo veikna; no kom vel
snart Mengdi. Men det kom ingi Mengd. Der ute
dura Byen i Sundagsglansen; og Ungdomen for og
jaga etter Gleda i denne Verdi, liksom det ikkje skulde
finnast korkje Daude eller Dom. Det var i Grunnen
fælslegt. No tok det elles til aa myrkne der ute;
kannhende fekk dei Regn yvi seg; so kunde dei hava
det so godt. Jau daa skulde han koma til aa sjaa ut,
all den ljose Sümarstasen!
Ein bleik, attknappa Mann med eit vent kristelegt
Andlit gjekk hastande att og fram millom Talarstolen
og den eine Sideveggen ; det var Presten Hermansen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>