Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 275
ty seg av i ledige Stundir, og verte vel mot-tekne, og
Faa Raad og Rettleiding, og finne Felagar og stundom
høyre eit Gudsord; i det heile eit Lag som kunde vera
som ein Heim For deim, og tryggje deim so mykje som
Raad var mot den store Byen med alle hans Freistingar
og Faarar. Det var nok so at Lage ikkje kunde gjera
noko stort Arbeid; syrgjeleg mange var dei som helst
vandra sine eigne Vegar og liksom den burtkomne
Sonen øydde si Eign i Ulivnad, til dess dei, som han,
laut eta Skolmir med Svinom. Men naar me saag
att-yvi paa det som her i Lage var gjort, baade i det heile
og serskilt i det Aare som no var gjengi, so torde me
likevel med Takk til Gud segja, at dette Lage, ved
Herrens Miskunn, hadde verka — um stilt og i Veikleik,
so endaa til Velsigning.
Presten slutta med ei stutt Bøn. Maatte me lære
aa kjenne oss sjølve og vaar eigin Veikskap; maatte
me lære aa taka Herren med oss i all vaar Ferd;
maatte han serleg i sin Naade verja dei unge Gutane
mot Freistingane og Faarane i den store Byen.
Bleik og Fager, råk som eit Ljos, stod han der uppe,
den att-knappa Mannen, og bad. Andlite var vendt
upp-etter, med Augo som saag lidande ut; dei
samanlagde Hendane laag kvilande Framfyri ’n paa Stolen.
Ute rignde det. Lett og mjukt fall dei smaae Dropane
mot Glasi; det var som eit stilt Svar der ovanfraa,
ein Lovnad um Grøde og um Signing. Han sagde Amen
i Jesu Namn og steig ned.
Song-Lage kvad i:
„Gud sign vor Konge god,
giv ham i Farer Mod,
giv ham din Fred.
Giv du ham vise Raad,
styrk ham i al hans Daad,
styrt Svig og Ondskab kaad
i Støvet ned!"
Noko uventande totte eg dette kom.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>