- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
276

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 276

Men det var ikkje Meiningi at ein i dette Lage berre
skulde fara med gudelege Ting; menneskjelege
Hug-maal skulde ein og kunna dyrke. Ja der var ikkje
noko menneskjelegt som skulde vera Lage
uvedkomande ; berre Politik var utestengd for Freden Skuld. —

Etter Kongesongen vart det stilt litegrand. So kom
Songlage paa nytt:

„I Jesu Navn

skal al vor Gjerning ske,

om det skal komme os til noget Gavn,

endes ei med Spot og Ve."

Ein Mann, noko-lite graa og turr, men vyrdsleg og
velviljug, tydeleg ein av dei som her hadde noko aa
segja, viste seg paa Talarstolen daa Verse var utsongi,
og sagde at no vilde me paa denne Høgtidsdag gjera
oss til godes, ikkje berre med Guds aandelege Gaavur,
endaa desse sjølvsagt var dei fremste og fornæmaste,
men og med dei timelege, dei som han hadde gjevi
oss til Næring og Upphald aat Likamen. Den blide
graae Mannen lagde ihop Hendane og heldt Bøn. I
Trumaals Lag bad han Gud um fyrst aa mata Sjæline
vaare med Livsens Brød, og so um aa signe desse
jordiske Gaavune so, at me av deim kunde hava sann
Nytte; maatte me endeleg faa Naade til aa njote desse
hans Gaavur i Jesu Namn.

„Ver so god, kjære unge Venir!"

Dei tvo Samanstimingane tok smaatt um Senn til aa
løyse seg upp og skifte seg ut rundt um det store
Borde. Kvar for seg leitte seg ut sine Skivur og slo
i sitt Glas Mjølk; drog seg so ifraa og gav Rom aat
andre. Der vart Rørsle; det var ei Stund at der mest
var Liv.

Eg var ikkje Lagsmann, men raadde meg til ei
Turfting Mat og Mjølk likevel; for eg var svoltin. Og
Maten smaka godt. Der var noko reint makalaust
upp-skori Kjøt; og Mjølki var framifraa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0284.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free