- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
283

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 283

— — „at du vilde gjeva oss din heilage Ande, so
at me kunde faa Naade til aa sjaa, ja rett til djupt
og inderleg aa kjenne og vedkjennast kor veike me er,
og kor reint til inkjes me er i oss sjølve; og at du
vil styrkje og leide oss, og serleg dei unge ibland oss,
Herre, at dei ikkje lid Skipbrot i den store Byen ..."

Nei. Ingi Von. Eimen var komin upp;
Salvings-Anden og Naaden var heilt komin inn i Ordstraumen.
Han slutta ikkje paa den fyrste halve Timen no; det
skyna eg altfor vel.

Men om nokre Minuttar gjekk Duken upp for
Spél-Tile. Og det var framum alt det fyrste eg maatte
hava; Menuetten, den herlege Menuetten–

Den vonde for i meg. Eg drog meg attum dei
andre; lyfte meg paa Taa; gjorde meg ledug i Knéi;
snikte meg frametter Veggen ned-yvi; vårleg, vårleg;
Gudskjelov, dei gamle Styvlane rikta ikkje . . .

Alle Augo vakta paa meg; det kjende eg i baade
Nakke og Rygg; men eg drog Hovude so langt eg
kunde ned millom Aksline. Aa, eg var ein syrgjeleg
Fyr. Det vart visst ikkje Tale um sann Hugvending
paa mange Aar for meg enno. Det susa for Øyro mine;
Emissær Bølle ropa til Himilen yvi meg; men det
høyrdest so langt burte. Vårt, vårt! — Fæl Atterljod;
det var nok Knéi som vart ustøde. Gud vere Lov;
der var Døri. Laase var leidt; det baud imot; det
skreik eit Grand; men upp laut det; so glytte eg paa
Døri; berre lite Grand; snikte meg gjenom den smale
Sprikka som Reven naar han smyg ut or sitt Skinn;
vårleg, vårleg; aa! — der gleid ho att etter meg; eg
var ute. —

— Lufti var sval etter Regne; og no i Kveldingi
lukta det so velsigna Vaar. Og Himilen var herleg;
og Sol-Kula, som laag ned paa Ryggen av Lierfjelli og
löga gullraudt; og Gata var herleg; og Gatesteinane;
og Fortaagi; paa dei kunde ein koma kvar som helst.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0291.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free