Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 282
Kva skulde ein gjera? Kunde ein ikkje gaa sin Veg?
Kverve burt reint stilt?
Eg saag ned-yvi det lange Golve og gav upp den
Tanken. Her var uhugleg opi og tomt; kvart Auga
’vilde sjaa meg.
Daa visst var det ikkje tenkjande paa aa gaa aaleine.
Eg mynstra mine Felagar; enn um dei likevel ikkje
var Guds Born? Daa visst Tyrolaren? Og jamvel
um han var Guds Barn, so hadde han daa Dømekraft;
han maatte kunna bli leid . . . Men baae Felagane
mine stod med Hovudi bøygde, innsvævde i djup
Ettertanke.
Likevel kunde eg ikkje reint gjeva upp Tyrolaren.
Han hadde ender og Gong ein Dragnad ved Augo som
gav meg noko som ei Von; berre uppbygd kjende
han seg visst ikkje. Eg støytte ’n paa Aalbogen:
„skal me gaa?"
Han saag forstøkt paa meg; svara visst i Grunnen
ikkje. Der var eit Drag um Munnen hans som eg
tydde so, at han for sin eigin Part ikkje kunde hava
so mykje imot aa fylgje meg; men eg kunde og sjaa
at han hadde sett seg fast fyri aa vera ulasteleg til
Slutten.
Det galdt ikkje so mykje for meg um aa vera
ulasteleg. Eg langstirde etter Døri; tru ein ikkje
likevel kunde —? Naar alt kom ihop, so var her mest
ingin som kjende meg.
Men Golve var ille tomt. Og dei der upp-ved
Talarstolen hadde slikt eit syrgjeleg godt Yvisyn. Kvi
var ikkje dei Benkine der nede sette upp so at dei
kunde gjeva eit Grand Livd . . .
Det var raadlaust. Eg gav upp Voni for aira siste
Gongen. Men det var endaa sju—aatte Minuttar att.
Kannhende Bølle vilde vera stutt likevel for ein Gong
Skuld. Tenk um Anden ikkje kom yvi ’n; det kunde
daa vel hende?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>