- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
292

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

292

DØY

glad, naar eg minnest Borken. Stakkar; no er han
gamall. Ute med honom som med meg. Hja, hja.

„Hm. Eg kom heim med Hesten ja; og køyrde
med ’n kvar Dag; og alt Folk so vart dei glade i
Hannibal. Denne Lizzy, Stakkar, ho saag seg so glad
i Hesten at ho kom til meg eins Ærend . . . berre
til aa faa vera med paa ei Køyreferd, hm. Hm.
Men ... Ja du kann leggje Merke til det, Hans: der
vil gjerne fylgje vondt med Kvinnfolki. Hm-hm.
Ukjende Kvinnfolk . . . skal ein vera rædd; i alle
Maatar. Hm. I alle Maatar.

,,Naa-ja. Borken skvatt; og so var det Ulykka at
Lizzy førde Taumane. Det gjekk so braatt; fyrr eg
kunde faa Tak paa Taumane og Magt yvi Borken,
kom det eine Hjule ut-i Vegveita. Hm. Vogni i
Gjerde og i Knas med ein Gong; Lizzy med Hovude
mot Gjerdekanten ... hja! — hja. Eg vart slengd
noko lenger upp, og fekk ein linnare Støyt; men eg
vart burte, eg med; den einaste Skilnaden var at eg
vakna upp at ... i denne Verdi. Hja. Hm. Eg
hev berre eit Minne um villt Flog; eit Brak; ein
Duns; Kvél og Vogn-Aasar um kvarandre uppe i
Lufti . . . Hm. Eg kjende kje noko vondt. Og det
hev ikkje ho heller gjort; eg saag det paa henne sidan.
Andlite hadde berre den Spaningi som det hev fengi
daa Hesten flaug ut; ho laag liksom og heldt Taumane
enno. Um Munnen ein trygg Vilje ... at ho skulde
nok klara det; hm. Arme Ting. Det gjorde meg
vondt for henne. Men Dauden vart henne lett nok."

Soli seig og seig. Eg studde meg mot Hand-Ride
og saag paa Skyine. Han sat og stirde med slokna
Augo ut yvi Have eller inn i seg sjølv.

–„Og no daa eg vart sjuk," heldt han fram,

— „daa var det og Dauden. Hm. Eg stod upp um
Morgonen som elles; skulde til aa stelle meg; so er
det som Golve kjem burt under meg ... Eg treiv
etter Feste; men alt svikta, gleid undan ... og ei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0300.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free