- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
293

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DØY

293

Magt som det ikkje var Motstand imot, hm . . . drog
meg i Golve. Eg var meir forundra og forfjamsa enn
rædd. Hm. Den Magti som det ikkje er Motstand
imot . . . naar ein kjenner at det er den, so vert
ein roleg.

„Daa eg vakna, var eg berre ei tung — hm —
Tyngd, som laag og seig djupt djupt inn-i noko mjukt
og myrkt; bly—bly—blyende tung; arm, arm, ynkeleg
arm ... so eg var saar av det i kvar Nerve. —
Aah, so tung; og litegrand svimrin; Sengi liksom flaut
med meg, og duva . . . Hm. Eg kjende kje noko
vidare til meg. Var berre denne tunge Ørska. Opne
eit Auga, røre ein Fingr, aah; langt-ifraa. Kom kje
for meg ein Gong. Kvile var det einaste eg vilde.
Kvile med kvar Blodsdrope og Celle, kvar Taatt og
Taag . . . berre sige endaa djupare ned i Kvild; endaa
tettare inn i Svevn. Sovne av, sovne reint av. So
det vart berre Natti. Hm-hm; hm. Eg visste at
denne Natti var Dauden, men eg lengta like godt.
Lengta med dauv, nøgd Ro; eg visste det kom nok.
Berre aa kjenne til seg var slik ei Møde; aah. Aa-nei.
Strekkje seg ut og døy ... for ei Lise det skulde
vera. For ei Svaling. So rædd er ein Dauden, naar
han kjem nære nok. Hm.

„Enno kjennest det ofte som eg kunde leggje meg
att-yvi og ande ut. Og det er slik ein fredeleg Tanke.

„Det er faavist at dei teiknar av Dauden . . . som
eit Beinrangel med ein Ljaa. Hm; det er
Munke-Paafund. Dei Folki hev aldri sétt Dauden. Det er
kje noko Beinrangel; det er ein god, mild Guddom,
Ein Mann eller eit Kvende; aalvorsam og bleik;
streng aa sjaa til, hm; men naar han kjem nærare,
vert denne strenge Aasyni roleg og mild. Og Augo
er store og djupe og fulle av Medynk. Hm; Medynk.

„Hm-hm. Nei; ho vil oss inkje noko vondt. Ho
tek oss i mjuke Armar og svæver oss inn i Draum.
Ein ljoz linn Draum. So hildrar ho oss endaa djupare

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0301.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free