Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HAN LARS I LIA
297
Han finn fram or Vestelümma ein Mole Tobak.
Tek Tölekniven or Slira. Finn seg ein litin
Bordstubbe til aa karve paa. Sét seg attmed Aaren.
Karvar Tobakje. Stappar Pipa. Tek Eldtongi og finn
seg ei Glo. Vil kveikje.
Nei; so er Pipa tett. Han gryler. Grev or ho att.
Reinskar ho. Finn seg eit Storrgras upp-i Hylla og
sting ho upp. Stappar i att smaatt og vårlegt; finn
seg ei ny Glo. Og no -gjeng det. Mpah, mpah,
mpah . . . alltid skal her vera so mykje Heftingar.
Mpah, mpah ... det smakar godt. Han sit og røykjer
eit Bli; maa kurre Maten. Og sjaa paa Vere
litegrand; mpah, mpah, mpah, mpah . . .
Kjeringi gjeng ut og inn, i Skjorta og Stakken, med
Haarbusti til alle Kantar. „Han ser utrygg ut i Dag,"
segjer ho; „det vør’ full’ kje bra, um det vart Regn
aat deg!" — „Mpah, mpah, mpah; ne—ei."
Ho gjeng ut. Kjem inn att. Tuslar att og fram
paa Golve. Steller i Skaape; det gamle rare Skaape
fraa Farfar si Tid, der det stend so vent eit
Bibel-spraak: „Herrens Velsignelse gjør Huset Rigt foruden
Møye". Steller med Kjelen. Gjeng aat Glase og ser
ut; tykkjer det ho med, at det ser ymist ut med Vere.
„Det er no vel kje noko du tarv haste so med heller,
dette," segjer ho; „det løyp kje fraa deg; og det er
lengi til Hausten, veit du; og den som ikkje agtar
Vere fær ofte trega det. — Du kann alltid faa deg
ein Kopp Kaffi til, er det so du vil hava?" Ho slær
upp-i Koppen aat Mannen sin. Gjeng so ut. Og
kjem inn att. Gjeng og steller kring Aaren. Legg
ein Vedpinne paa Elden: „du hev no alltid
Inne-Arbeid au, um so var, Lars; denne Bytta du hev
tenkt so lengi aa setja Band paa ... du kunde gjera
aat den i Dag. Ho Goro jamrar seg so ille for Bytta,
so det er reint av Lagi."
„Mpah, mpah, mpah; noko skal de no alltid ha aa
gnaale paa."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>