Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
296
HAN LARS I LIA
sine Ting i Stand, vil ein greide seg. Etter denne
Avgjerdsla kviler han i tri Vikur. Det duger ikkje aa
forhaste seg. Alt maa ha si Tid, maa’ta.
Endeleg kjem den Mandags Morgonen daa han skal
til med Arbeide. Men; hev du sétt slikt. Det vert
til det at han forsøv seg so ille den Morgonen Han
kann ikkje ha vori skikkeleg frisk i Dag. Geisp! —
Nei men rett so harmelegt som det var, lel. Ja daa
kann det lite nytte i Dag. Ikkje er ein skikkeleg i
Lag heller, naar ein ikkje fær byrja i Tidi.
Ja-ja, Geisp! — ingi Raad med det; det lyt vera
til i Morgo daa. Eller til ein Dag ut i Viko. For
det er so rart med det; det er som det feil seg ikkje
rett aa byrja med eit Stor-Arbeid paa ein Tysdag. Og
jadden hev dette vorti til eit Stor-Arbeid no.
Torsdags Morgonen ris han upp i Otta; ein maa
hava Dagen for seg, skal ein koma nokon Veg. Aah!
han strekkjer seg. Geispar. Dreg paa seg Broki;
geispar tvo Gongir. Gjeng burt aat Glase og ser paa
Vére; hmja; det er alltid noko paa Voni med Vére i
Dag, sjaaande til. Det er ikkje godt aa vita koss han
kann bli naar det lid fram paa Dagen, nei. Det er
ikkje det, nei. Ne—ei. Men det fær no vaage seg
daa. Hev han Lars i Lia fyrst sett seg noko fyri, so
er han beiskede ikkje den Mannen som gjev seg. Det
er han ikkje, nei.
Han fær paa seg den eine Skoen. Fær paa seg
den andre med. Ser ut gjenom Glase ender og daa.
Ja neggu um han ser noko vidare fjelg ut til Vérs, nei!
No lyt Lars ut og sjaa um Merri. Daa han hev
steilt den, lyt han inn og faa seg noko Mat sjølv au,
maa’ta. Det er noko som lyt gjerast det med; ja menn
er det so. Den som skal ut paa Torv og Stein maa
ha seige Sinar og Merg i Bein; Maten maa til, san.
Endeleg er han ferdug. So er det berre ei Pipe
daa. Det hev seg ikkje aa gaa paa Stor-Arbeid naar
ein ikkje hev fengi seg ein litin Røyk.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>