Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FJELL-LUFT
303
— Men Dagen voks og Ljos-Tonen steig. Fleire og
fleire Litir kom til; det var som ein Toneleik med
fleire og fleire Røystir og Spel, — til dess alt samlar
seg i allmegtig Samklang: Soli er uppe, og ein kvit
Orkan av Ljos fyller Himilen og Heimen.
Og Verdi stend som nyskapt.
Det er ein Augneblink daa at alt tagnar; Fuglane
hugsar seg ikkje; Rev og Bjønn stend tumsa og tryllt,
og Haren stanar i Sprange. Verdi gløymer seg sjølv
fram-fyri dette Aal-velde; det er som ho i
Morgon-glansen, inn-under Solkruna, hadde sétt ein Skimt
av Gud.
Men etter dette Fest-Spél og Himilens Under tek
Arbeidsdagen til, den tunge og den lange.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>