Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
302
FJELL-LUFT
annan Heim. Eg hugsa det som gjenom ei lett Skodde
av Draum-Ørske.
Smaatt i Senn auka Dagen paa. Umerkande. Fine
lette Gustar av Ljos kom bivrande hit yvi morgon-bleike
Fjell fraa ein jamt klaarare Nordausthimil; alt som var
att av Kveldrøyk og Natt-Eim i fjerrlagde Himlar og
Jøtunheimar klaarna som Draum for Dag og var burte.
Toppar og Høgdir og lange Aasar ljosna fram i Sud
bleike som Skrymt, som tom Flate mot tom Luft, men
med fastare Drag etterkvart som det leid til Morgons.
Me var i Dyrsjødalen no, det Daldrage som fører
fram under Dyrsjø-Aasane til den vesle Fjellgrendi ved
Dyrsjøen. Fraa eit Skard i Nordvest kom ei liti Aa
fossande og syngjande. Paa Austsida av den heldt me
oss, noko upp-ifraa. Fint bugta ho seg ut gjenom den
opne, myrlendte Dalen millom doggblanke Tuvur i linn
blaa Morgonglans; noko lenger nede rann ho ut i ei
stor Tjørn med Moltemyrar ikring. Paa burtre Sida,
noko ovan Vatne, steig ei fin brun Sætergrend fram
som ein Huldreheim. Her og der frametter Aasane, i
Solhall og Lygne, grønka smaae og større
Fjellbjørk-holt. All Stad vaknande Fuglar.
No kom Ljose susande i større Bylgjedrag; og for
kvart Bylgjedrag vart det ein ny Grunntone. Det gjekk
gjenom alle Skiftingar av Bronce og Gull og Rose;
lett, lett Roseraudt yvi høge Blaatindar med skinande
Sylvdukar av Snø; endaa lettare yvi rjomegule
Rein-mosefjell; so varmare og fullare frametter dogg-svale,
saftgrøne Lidir.
Daa er det ei Stund, ei Vidunderstund, at graae
Fjellviddir skiftest um til Hagar; og dei sveiper seg i
Morgonrode og Himilblaatt som i eit Æventyr og
speglar seg i blanke Draumsjøar med slikt dragande,
daarande Fegre at du stend som tryllt og trur du er
komin i ein annan Heim. Aldri saag du so klaar ein
Sjø spegle so ven ei Verd med so mjuk ein Glans i
so lint eit Ljos; kann det vera Jordi, dette? —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>