- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
309

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FJELL-LUFT

309

um for deim og vart til ei trygg, god Seng, krossvigd
rundt ikring, so inkje Sorg eller Strid kunde naa ho.
Stakkars gamle trøytte Barne der inne kunde vera glad
no; han fekk sova i Ro heretter, han; turvte aldri meir
rise upp att til Slit eller Møde. Og Sjæli hadde det
godt hjaa Gud. Dit skulde me og ein Gong, um me
stellte oss rett. Og alle Hovud bøygde seg, og mangt
eit Auga vættest, daa Salmen sistpaa samla seg i denne
truskyldige Bøni:

„Hjælp os at stride saa,
at naar vor Strid har Ende,
vi Palmer kan i Hænde
og Livets Krone faa!"

Efter Salmen heldt Læraren ein litin Tale, der han
i rolege og vene Ord bar fram det som paa ein slik
Dag maatte koma oss alle i Hugen. Me skulde vita
at me var som Gras og Høy som voks upp og var
ungt og sterkt og vent, og tottest ha heile Verdi for
seg; men so maatte det visne; og nytt skaut upp att
der fyrr det stod. So me maatte ikkje Slaa oss til Ro
her, men vita at dette Live var Fyribuing til eit høgre;
med det for Augo skulde me liva det so at det vart
oss lett baade aa bera og aa sleppe. Den gamle i Kista
fekk det Ettermæle han ærleg hadde fortent etter 80
Aars Strid, og eit vent Farvel fraa Skyldfolk og Grannar.
Med eit nytt Salmevers vart Like utbori. So vart
Kista surra fast paa den Langkjerra som skulde føre
Gamlingen til Kyrkja siste Gongen.

No vart det Liv; Folk spreidde seg ut-yvi Tune og
gjorde Hestane i Stand; og kvar søkte sitt Fylgje. Midt
i Aalvore var der Glede paa Folk; dei saag upp mot
den myrknande Himilen med ljose Augo; der var Liv
etter Daude i all Ting.

Framme med Troppi, ikring Langkjerra der Kista
stod, sprang nokre Smaagjentur og leika Sisten. Dei
svinga og sprang, og huka seg ned og gøymde seg;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0317.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free