Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
308
FJELL-LUFT
uppstellt paa ein Stuttbenk midt i Stogo. Paa Stolar og
Langbenkir rundt ikring sat Likferdsfolke, Karane paa
den eine Sida og Kvendi paa den andre. Fleire av
Kvendi hadde Smaabørn paa Fange; ei sat og gav den
vesle Bryst. So snart ho vilde slutte med dette gav
Vesletrolle seg til aa skrike. I sjølve Døri stod ein
Mann, smaavaksin, med eit langt skakt Andlit og
Heil-skjegg ; han var kløkt, eller han hadde Krim; for han
laut ofte snyte seg. Og daa han i denne Høgtidsstund
vilde vera so finsleg i si Aatferd som Raad var, bøygde
han seg kvar Gong djupt ned og strauk Fingrane under
Styvlesolane. Attum honom, i Svali, stod Ungdom,
Tenestefolk og andre som ikkje retteleg høyrde med i
Lage. Me Framandkarane hadde fengi Rom i ein
Krok; det vart elles gjort meir Ære paa oss enn ubedne
Gjestir kunde vente.
Læraren i Bygdi, ein høg bleik Mann i ljosblaa
Cheviot-Klædnad, song yvi Like. Eit Par av
Likferdsfolke song med. Det var helst som ei Bønestund eller
ei Uppbyggjing.
Salma var lang. Roleg og stødt gjekk ho fram paa
sin einslungne harde Tone, og blanda seg paa ein
underleg tung, svævande Maate med Vindsusen der ute,
som voks og voks. Innimillom høyrdest i roleg
Samklang Flugusurr, Barneskrik, Snufsing av Kvendegraat,
Hysjing og Bysjing av Mødrar. Han i Døri bøygde seg
oftare og oftare. Ein utgamall Mann sat øvst upp-med
Borde og rugga paa det vesle snaude Hovude sitt;
han undrast vel paa um ikkje „denna Baaten" kunde
koma og hente honom med no snart.
Etter som Salmen steig og vermdest, var det som
der yvi alle desse sterke tunge Andlit lagde seg ein
Ljoske, eit Drag av noko mjukt og varmt, av Helg og
av Sol, av ei høgare Forklaaring, noko som eg ikkje
hadde sétt der fyrr. Salmetonar og fredfulle
Aalvors-tankar lyfte Folk upp, so dei saag ut yvi sitt arme Liv
og fann Meining i det. Den svarte Kista skapte seg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>