- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
323

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I HEIDANE

323

mot Huse og mot hin Gjesten. Daa eg hadde
kaffi-kvilt og fengi Mat i baade Pose og Sekk, hadde eg
daa med ein Gong fengi slikt eit Mod paa Fjelle.
Helst daa eg høyrde at han Lars Haaland, Skyldingen
min, enno laag i Hytta uppmed Kvina, men var tenkt
aa taka paa Heimvegen med Drifti i Morgo — visst.
Ikkje i Dag, nei; — visst. Og Praam var der i Kvina;
skulde han liggje paa hi Sida, kunde eg berre rope.
Eg vilde daa vaage den Voni. Regnkaape og Sydvest
hadde eg, um det kneip; og elles saag det no helst
ut til aa vilja klaarne.

Svalt og lett var det aa gaa; og eg kunde enno
rekne 3—4 Timar til Natti kom; so dette skulde nok
greide seg. Daa eg var komin paa Høgdi og inn i
Skarde der Driftevegen gjeng, kom det noko Regn;
men det kunde ikkje vera anna enn ei Skur, so vidt
upp-ljost som det no var i Lufti.

Det vart elles ei hard Skur. Eit svært, tungt Regn
som vætte. Eg fekk upp Oljekaapa og Sydvesten og
tenkte: hardt imot hardt. Og ikkje fyrr hadde eg fengi
Regnklædi paa meg, so slutta Regne.

I Veg bar det for fulle Segl; det galdt aa nytte
Dagsljose. Det var greid Leid og vel synt Veg; gamall
upptraakka Drifteveg. Kløyvdest han stundom, so gjekk
Kvisline snart ihop att. Det beina seg godt alt; og eg
var kry for eg ikkje hadde lagt meg til der nedpaa
den vesle tronge Fjellgarden.

Ei ny Skur. Ja kva daa? Det berre friska. Regn
er nettupp mitt Ver; og helst naar det er skikkelegt
Regn. Som dette ja. Just so; stridt og tungt so det
dura i Oljekaapa; daa treivst eg aira best. Og naar eg
no kom til Hytta, so gjorde me upp Eld og laga Toddy
og turka og vermde oss; og so kom han Lars i
Godlag og fortalde um Gjætarlive i Høgheidane.

Kva var det for Laat? — Bækting. Sauir. Ein
Smalaflokk. Fleire Smalaflokkar. Smaae og større; kom
glidande som kviteSkydottarhit-yvidenlyngmyrkeGrunnen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0331.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free