Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
324
I HEIDANE
Større og større vart Flokkane. Snart saag eg det:
det var ei Drift. Sauir i hundradtal. Eit Par smaae
Hundar for og skvakka att og fram og heldt Drifti i
Gang, og noko-so-nær i same Straumfare. Snart var
Dalføre fullt av Gøying og Bækting og kravlande Liv.
Tvo Drivarar lakkande etter; ein styrde Hundane og
heldt Leidi, og ein fylgde atterst med Klyvhesten og
hadde Tilsyn med at inkje noko av Drifti fekk gjeva
seg i Etterhand.
Hjarta seig i meg. Det var vel han Lars, dette.
So stod Hytta tom upp-med Kvina. Og kom eg daa
ut i Natti, og det lagdest til med øyde Ver –-
Eg gjorde Baut og sette Kos for Mannen med
Klyvhesten. Var det han Lars, so vart det vel best for
meg aa snu og fylgje Drifti. Dei hadde vel ei Bu
eller ein Heller einkvar Stad her nede der dei skulde
kvelde; og so kunde me gjera upp Eld der . . .
— Det var han Lars. Men han hadde lite Stundir
til Samtale. Han stogga litegrand; laut so strakst i
Veg att etter Drifti. Eg laut daa fylgje honom att.
Han lika nok ikkje Vére, han Lars; han var ikkje i
Godlag. Heller stutte Svar fekk eg paa Spursmaali
mine. Det var ei Mil til Kvina, naar eg tok beinaste
Leid. Ja; han saag regnleg ut. Aa, eg greidde det
nok, naar eg skunda paa. Beinaste Leidi gjekk der,
upp gjenom Skarde; og sidan — —
Han peika i Nordaust. Daa eg hadde teki Méd av
Skarde og snudde meg att, var han Lars og Hesten
alt langt ifraa meg. Eg misste Hugen til aa drikke
Toddy med denne Skyldingen min og gav meg i Veg
paa min Kant. Berre sjaa aa naa Hytta. Der fekk
eg gjera upp Eld og drikke min Toddy aaleine, og sjølv
freiste Gjætarlive i Høgheidane. No var det Upphald
att og godt Vér. Berre det vilde vara ei Stund. Eg
lagde i Veg det fortaste eg orka.
Men det vilde ikkje vara med Godvére. Eg var ikkje
langt upp i Lidi komin, so lagdest det til att med Regn.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>