Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I HEIDANE
325
Ei veldig Skur. Svære Dropar i tett Fall; og tettare
og tettare til det berre auste. Det var det stridaste
Regne eg hadde vori ute i. Men det vart endaa
stridare. Og endaa stridare. Eg vart mest rædd; det var
det ville Skybrot. Himilen var som opin; det hylja,
sturta, fossfløymde. Det gjekk gjenom Heidane som
Stormsus. Aldri regner det slik nokon Stad, anna her
i desse skogsnaude Bakke- og Berghalli ut imot
Vesthave. Det var fælslegt og samstundes høgtidsfullt, som
alltid naar Jøtunmagtine slepper seg lause i si ville
Kraft.
Snart flaut det og fløymde kvar eg sette Foten. Og
det var ikkje Skur lenger: det var Siregn. Himilen
var aalsvart. Skygnde eg meg ut under Sydvesten
um det ikkje skulde vera Von til Letting nokon Stad,
gjekk Luft og Himil saman i ein graa Flaum av
fallande Sky.
Det var vorti myrkt med ein Gong. Av all Magt seig
eg paa; men det var mest som aa vasse under i Vatn.
Og eg saag snart at her var ikkje Tanke um aa naa
Gjætarbui i Kveld. Eg hadde vunni meg upp imot
Skarde der Leidi var meg synt; men no var det so
myrkt at eg skilde ikkje klaart meir enn nokre Stig
ifraa meg. Det var daa berre aa sjaa seg um etter ei
Nattelivd. Ein Heller, ei Steinbu, eller kva det var;
eg skulde ikkje forsmaa.
Men inkje noko sovori var sjaaande. Og rett som
det var hadde eg misst Leidi. Eg totte eg gjekk i
Vest og ikkje i Nordaust. Noko Ulende kom eg uppi,
med Tuve i Tuve og Stein og Hol, so der lite var
Fotfeste. Det kunde gaa gali dette. Eg kunde rengje
Fot eller brjote Bein; so laag eg der til eit anna Aar.
Og stundom stana eg skræmd: eg tottest staa
bikkande og vippande framfyri svarte Stupe.
Den fyrste store Steinen som myrkna fram gjenom
Regnskodda og Kveldmyrkre som ein svart Skugge
kraup eg inn under; paa den eine Ledi halla han ut-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>