Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I HEIDANE
327
fjell og regnfriske Dalar. Solrenning paa høg Himil
gjenom ei Luft so skir, at eg saag ende inn i det
endelause. Heile Verdi frisk og ny; rein. Som eit
Barne-æventyr i Sümargull og Blaatt, skinande, himilsk,
med noko bivrande og skjelvande som ein fin Klang,
siglde Dagen fram yvi dei vide Blaanur og lo burt
heile den vonde Natti. Eg vart so underleg lett; eg
totte eg kunde mest leggje meg paa Saam i Lufti som
Fuglane. Eg trur eg dansa paa Stein-svae der eg
stod, millom Lyng og Tyting-Lauv, der Morgonroden skalv
og Regndröpe-Demantar i tusundtal gidra og straala.
Slik ein Morgon, tenkte eg, — den maa vel koste
ei slik Natt.
IV.
Fraa fyrste Høgdi eg kjem frampaa ser eg upp
gjenom eit vidt, flaatt Høgfjells-daldrag, opi og ljost.
Og ned gjenom det, lengst burt-under Aasane paa hi
Sida, i stor avrunda Sving, skinande blaa — renn
Kvina.
Bui ser eg ikkje. Men etter Korte lyt ho liggje
lenger nord. So hev eg Leid att. Glad gjev eg meg
i Veg.
Men det gjeng smaatt. Eg er liksom so stiv. Snart
tek Soli til aa verme; ei Tyngd sig paa meg. Syvjin
dreg eg meg fram; halvdrøymande.
Her er kje rett laga. Eg er i Gygreheid. Her er
slik ein Glir. Det er Gidr og Blidr rundt alle Lidir.
Kvina kved, dul og løynsk. Halvkvedne Ord vaknar
i Susen; eg fær ikkje Tak paa deim. Og eg sjølv er
kje heller rett laga. Eg gjeng som paa framande
Føtar eg ikkje hev Magt med. Men gjeng likevel,
som styrd. Skreppa paa Ryggen heng og slit som ein
Ridham eg ikkje kann faa av meg. Det brenn i
Saam: „Sømning". maa vel: kann faa Lov til; maa gjerne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>