- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
330

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

330

I HEIDANE

og rolegare, so ein kunde vel symja. Men med
Skreppa og Klædi paa Ryggen vart eg vel for tung
i Dag.

Sjaa der! Eg tenkjer nok det; der ligg Praamen.
Paa den galne Sida. Hev det fari Folk her fyrr i
Dag? Fant kannhende? Det er uforsvarlegt aa stela
Praamar. Det kann koste Liv. No kunde det gjerne
koma eit Fantefylgje den andre Vegen. Men nei det
slapp du vel. Det i Gaar var berre eit Serfelle. Vel
er Norig det friaste Fanteland i Verdi. Men endaa
skal ein sjeldan sjaa deim naar ein treng deim. Daa
er dei burte, liksom Vénir og Konstablar.

Aa-nei. Me freistar Føtane. Eg bliv kje i Dag.
Den bliv ikkje som hange skal. Eg vassar ut att.
Styrer paa skjøns uppetter, halvt imot Straumen; det
hjelpte mot Svimring. Daa eg kom til Djupaalen gjorde
eg Vending og lét det glide paa skjøns halvt nedetter;
daa fekk Straumen mindre Magt, og eg kunde betre
styre Føtane. Vaat var eg alt so langt som eg var
klovin; Klædi turvte eg daa ikkje længer bry meg um.
Og köss det no gjekk til eller ei, yvi kom eg. —

— Uppi Hytta hev eg laga meg Seng. Reidt upp
med noko Høybös som laag der etter Heidagjætaren,
og ei gamall turr Uksehud som hekk her paa ein Raft;
den brükar eg til Lakan. Der ligg eg daa og freistar
Gjætarlive i Høgheidane best eg kann.

Ja soleis paa Lag er det vel. Ute i Fjelle all Dagen;
og so heim og skifte Klæde og faa seg Mat; og so
aat Sengi, som vel elles er noko mjukare enn denne.
Og so hev han vel alltid noko Lyng eller Vier-Ris til
aa brenne der paa den Sötsteinen som gjeld for Gruve,
so han fær steikt den Fisken han hev teki um Dagen,
og vermt den Mjølki han hev vori ute og mjølka til
Kvelds. Trøytt som ein Hund legg han seg daa, og
sovnar midt i Fadervaar.

Um han elles hugsar slikt som aa lesa til Kvelds.
Han tenkjer vel helst paa Smalen sin; og paa Udyr

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0338.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free