- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
329

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I HEIDANE

329

— So var det Kvina.

Praamen? — Nei. Ingin Praam. Naa; sliks Slag.
Hev ei Sauedrift vadi Kvina i Gaar, so véd vel eg ho
i Dag, skulde eg tru.

Kvina er breid her, og eit Grand strid. Men grunn.
Eg skor av meg og brettar Brokebeini upp til langt
ovan-knés. Og so ut-i.

Leid Botn. Smaa rund Rullestein; kvass Brötstein;
vandt aa faa Fotfeste. Men eg fær taka meg Tid. Eg
naar ikkje Setisdal i Dag kor-som-er.

Svært for ei Magt Vatne hev naar det gjeng i
Straum. Med ein Gong tek eg til aa sigle. Upp-yvi;
mot Straumen; rivande fort. Eg tver-snur; tek
Augne-feste i Land og samlar mi Kraft; svimre maa eg ikkje.
Halde seg til Jordi. Feste Augo i Botnen og lata
Straum vera Straum.

No djupnar det. Det er Mid-renna, Djupaalen. Hu!
— fælt til Straumdrag. Staven glid ut; Føtane vil
etter; Mannamagt er inginting . . . Nett som eg skal
gaa attlengis fær eg gjort som ein Rykk paa meg og
bergar meg halvt glidande upp paa grunnare Vetne.
Vassar so i Land att til aa kvile meg og tenkje
meg um.

Korleis ei Smaladrift kann koma yvi her? Og det
stundom i Flaumtidi? — Ja; sumt kjem burt. Heile
Flokkane stundom. Men brulaus ligg Elvi no som i
Noæ Tid. Armod er dyr. Dei tenkjer paa det; røder
um det; Mann etter Mann og Feggje etter Feggje.
Men det vert ikkje meir. Kvar for seg er dei for
veike; og til aa slaa seg i Lag er dei for norske. Og
Staten skal leggje Jarnvegar fram-etter alle
Fjordstren-dane paa Austlande til aa kappfljuge med Eimbaatane.
So maa Vestlandssauine blive, dei. Og eg med,
kann-hende.

Som ein Hegre med lange Bein gjeng eg att og
fram paa Elvebarden og tek Augnemaal av Djupnir og
Straumstyrke. Ein Stad lenger nede er det djupare

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0337.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free