- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
333

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I HEIDANE

333

faktegreid med all si Armod, er meg som eit Dikt; og
naar ho talar til meg er det Edda-Klang og Stevtone.

Snart logar det paa den ørvesle Gruva, og ein litin
Kaffi-Kjél, svart som han var or Fyndeheimen, heng
yvi Elden paa sin vesle skrale Tre-Skjerding fyrr eg
sjølv det trur. For stillsleg som alt gjeng fær ho det
likevel fraa Hendane. Ein roleg litin Samtale fører
ho til Tidkort, men samstundes so at ho fær Greide
paa meg; og eg fær vita slikt som eg treng, naar eg
dette Aarsens Bil kjem ukjend til Setisdal. Ho tykkjer
det er kaldlegt som eg hev fari; eg maatte kje ha teki
ut i slikt eit Vér. Hadde eg vori meir fjellkunnig, so
hadde eg kje fari soleis.

Mannen kjem heim fraa Slaatta. Han hev sétt ein
Framandkar koma inn av Heidi og maa vita kven det
kann vera, og kva Ærend han fer i. So segjer og god
Folkeskikk til, at ein skal vera farande Mann til
Rett-leiding um ein kann. Han au er noko tuslin, og
liksom slitin. Det er vel Smaagards Folk og knappe Kaar;
men der er kje noko aa høyre um slikt; og snart sit
me kring Kaffien og god-røder alle. Eg er som heime
her; kjenner min eigin Bygdeskikk att i mest alt,
liksom eg kjenner Heimemaade mitt i det mykje rikare
og finare Maale som desse talar.

I Utid er eg komin til Setisdal, segjer dei; mest alt
Folk ligg i Heidi enno, so det er knapt korkje Mat
eller Mjølk aa faa nokon Stad. Men eit Par Gardar
nemner dei, der eg kann vente aa finne Folk og Stell;
og serleg maa eg daa ikkje gløyme Gunnar Drengsson
paa Ose. —

— Høgtidsamt var det aa naa i Skogen att, den
myrke, blaae Barskogen som for Mannen fraa det
skogsnaude Vestland er Æventyrheimen sjølv,
draum-full og dragande. Og nett i det same braut ei raud
varm Kveldingssol fram og lagde ny Hildring yvi
Æventyre. Og so trast etter, daa eg kom fram paa

Fy(r)ndeheimen: „Oldtiden".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0341.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free