- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
334

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

334

I HEIDANE

Fjellbruni der det opnar seg til Dals, lét Skogen seg
upp for eit Bilæte som eg skulde ha drøymt det fram
sjølv. Paa ein grøn litin Vang eit brunt liti Sél; og
fram-fyri Selsdøri Geitar som slikka Salt og nippa Gras
og spratt av Liv, godmekrande; og Killingar som leika
og sprang, og lengst framme, som paa Vakt, Bukkefar
sjølv stor og blaa, hornstaut og skjeggfager; men i
Selsdøri stod, rak og fri og lett, klædd som Prinsessa
i ein Bamedraum, den unge Budeigja med
Mjølkebytta.

Eg stana forglimd og fortryllt; hekk det rett ihop?
Torde eg vaage meg der upp? — Daa slokna det i
Lufti. Soli seig. Blaae Tonar lagde seg yvi Skog og
Aas. Den vesle Huldredraumen seig inn i Skuggar.
Eg laut nok drive paa. Men no visste eg at eg var
komin til Setisdal.

Um eit liti Bil blenkte det i Otri. —

— Kvelden etter sit eg i Ljörestogo hjaa Gunnar
Drengsson paa Ose.

Langelden brenn frisk paa Gruva midt etter Golve.
Ein Leik av Ljos og Skuggar blakrar gjenom Skaalen
og legg Liv yvi alt. Midt ned-gjenom Rome, der Bilæte
samlar seg, er sterkt, rikt skiftande Ljos; attanfyri leikar
Skuggar og Halvskuggar til og fraa, so Veggir og
Vegg-benkir stundom stig fram og stundom glid burt; og
upp-under Mønsaasen strider Logeljose med Myrkre og
den kvervande Røykkrullen paa ein underleg trollsk
Maate. Kvende gjeng ut og inn med sitt huslege
Stell, eller ser til Elden; det lyser med Fargar og
Sylv; og fint og vyrdeleg fører dei seg, staute og lette
som dei der sviv, med dette Gongelag som sermerkjer
Setisdals Kvendi. Ei av deim hugtryller meg reint.
Noko saa høgbori saag eg aldri som dette bleike, men
sterke og fagre Andlit til ein Skapnad so yndefull og
so stolt; enno veks i Setisdal Hovdingar og
Hovding-døtrar.

Paa ein annan Maate fordrøymd ser eg paa Karane,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0342.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free