- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
335

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I HEIDANE

335

dei Setisdals Drengir som dei stig meg i Mot, høge,
ljose, rolege, med kvasse braae Augo, i denne
hér-mannsleg staute og barnsleg staselege Dølebunad, den
dei hev laga seg etter ei hollandsk Mundering, trur
eg: ermekvit, bringebreid, med Rosesaum og Lekkjur
og Sylvsmed-arbeid fraa ei kunstgladare Tid, og med
desse modige høge Hattar til Krone og Sigersong yvi
heile Skapnaden, som i djerv Sjølvglede klæd seg fram
utan Dent eller Tilgjerdsle i all si rake breide Kraft;
og „Kar" set seg um for meg til „Heros". Eit anna
Ord sviv meg: „Arier". Eg hev ein Gong høyrt eller
sétt, at i Setisdal liver det enno reint, det ariske Slag,
dette Hérvinnarfolk som ein Gong tok Verdi. Ja til
Hérmennar kunde dei sjaa ut. Maa dei forkomast no,
daa dei ikkje fær slaast lenger, utan ender og daa
med Kniven i eit Gjestebod? Er det sant at dei lite
duger til Arbeid og alt som denne Tid krev av klok
Rekning og seig Trott ... Hu nei; ikke slike Tankar
i Kveld.

Samrøda gjeng lett og fritt og med stort Liv. Eg
gjev serleg Gaum etter Husbonden, Gunnar Drengsson
sjølv, ein aldrande, fin Mann, Hovding av det gamle
Slag, Bonde og Døl i alt, med eit klaart, fint „ariskt"
Andlit, roleg og greid, utan Braak; stødt og lett fører
han Samrøda, med ein Kunst som eg kjenner att fraa
gode Bondehus vestanfraa, men knapt hev funni nokon
Stad so fullkomin og fin; alle fær vera med og alle
kjenner seg frie, men er bundne og styrde av den
gode Tonen, so at inkje uhøvelegt eller uhuglegt fær
ovre seg. Og endaa var det i Kveld baade Dalafolk
og Utmennar samla.

Dei tala og fortalde; kvar sitt. No hugsar eg berre
ein ung Døl som fortalde so godt, at alle meir og
meir tagna og berre høyrde paa honom. Fraa ei
Byferd han nett var heimkomin av gleid han inn i ei
Ættesogu, som i mangt kunde minne um det gamle
Island, men som var fraa øvre Setisdal og no. Det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0343.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free