- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
341

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KVÆDE

341

II. Stor Stund.

Ho stod der med eit Eple i si vesle kvite Hand

og glytte til meg løynskt att-yvi Herdi

og smilte lystigt: kom, Gut, og tak det, um du kann!

Og eg var ikkje lengi um Ferdi.

Ja var ung Eva slik aa sjaa hin Gong i Eden-Gard,

daa skal ein ikkje undrast paa vaar stakkars fyrste Far;

det gjeng so alle Dagar her i Verdi.

III. Mange Aar etter.

Her er det. Her eg meg atter finn.
Det kjem meg alt so nære.
Det vaknar varmt inn-i Hugen min
som Daam av Rosur svære.
Eg høyrer Stig som av Foten din,
du hjartans, hjartans kjære!

Ja upp-att bryt denne sæle Brand

av Minne saare og søte.

Kvar Stein og Tuve er snart i Stand

meg gamle Mann aa grøte.

Her Selja stend. Tru ho minnast kann

det fyrste rare Møte?

Der Huse ligg med den høge Svil,
dit eg so gjerne farta;
der attum, under den høge Pil,
der tidt eg med deg garta.
Eg hugsar so denne unge Smil
som tok mitt heile Hjarta.

Hit kom du ein Gong som skræmde Hind
med Augo rædde og stille
og trøytt deg gøymde i Armen min
og sukka; oss gjeng det ille.
Og Taara rann paa ditt bleike Kinn,
av di han Far ikkje vilde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0349.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free