Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
344
KVÆDE
Eg grét so tidt naar eg sat aaleine,
og bad og ynskte dette eine, eine.
Ein Kveld han fridde — til Signe, ja;
strauk so sin Veg til Amerika.
Aa Herregud, her er kaldt i Verdi;
og lang er Leidi, og tung er Ferdi.
Ja tung er Ferdi forutan Lag,
med Sut og Saknad til kvar ein Dag.
Men tagall fær ein den Suti bera
og laatst som inginting skulde vera.
Eg tagall dreg paa mi saare Sut
til dess dei ber meg aat Gravi ut.
Gamall.
Dei ventar paa at eg snart skal døy;
dei veit eg maa til; alt Kjøt er som Høy.
I hjarteleg Ro dei ikring meg gjeng:
„han ligg no snart i si siste Seng."
Dei undrast kvar Morgon naar upp eg stend:
„sjaa! Gamlingen krabbar paa Føtane enn!"
Dei undrast kvar Kveld naar eg legg meg ned:
„sjaa! Jamenn livde ’n den Dagen med!"
Og talar dei til meg er det som so:
„aa jamenn, Paal, vert du gamall no."
Dermed hastar dei kvar sin Veg;
hev inkje aa samraadast um med meg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>