- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
345

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KVÆDE

345

Um ikkje eg enno i Jordi er gøymd,
eg er i Røyndi baad’ daain og gløymd.

Og naar eg sloknar ein Haust eller Vaar,
det vil ikkje falle ei einaste Taar.

Dei drikk seg ein Rus i den Likferdsgard,
og reknar etter kor gamall eg var.

Røder so sidan i Ro um sitt,
ferduge baade med meg og mitt.

— Aa kunde eg lure deim kvar og ein
og verte so gamall som Mose paa Stein!

So ynskte eg stundom med Harm i Sjæl;
men meir og meir vert eg like sæl.

Sjølv ventar eg paa at snart eg skal døy;
eg veit eg maa til; alt Kjøt er som Høy.

Men eitt eg hugsar som gjev meg Fred :
dei eldest med Tidi, dei unge med.

Og Mannen som gjeng der so fast og fjong,
han fær au lære aa lute ein Gong.

Alle desse som gløymer meg,

lyt fyrr dei veit Ord av den same Veg.

Og kvi skal eg syte? Eg ser og veit:
ein vinn ikkje meir i Verdi enn eitt.

Ein baskar og flaksar upp og ned;

det ein vinn til Slutt, er det einaste: Fred.

Og naar ein trøytnar i Arm og Fot,
Kvila fær ein alt mindre imot.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0353.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free