Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
346
KVÆDE
Og sig ein sistpaa heilt-upp i Kne,
so vil ein berre det einaste: Fred.
Live er tungt, Live er stridt;
sæl er den som hev gjort sitt.
Barne græt naar det skal til Ro;
men Svevnen kjem; og Svevnen er god.
For seint.
Ein Udaad hadde den Arming gjort,
ei Synd uhugleg og fæl;
no laag han og vreid seg rædd og sjuk
og harma seg mest ihel.
Haare hans tufsa seg svart og vaatt
fram i Augo og Augnakvarm;
Neven var knytt som i Sinedraatt
tett inn mot den kvævde Barm.
Han reiste seg upp og han seig ihop;
det skreik og det skar i hans Sjæl;
han saag ikkje Utveg; han saag ikkje Raad;
han vart galin; han kjende det vel.
Paa Kniven han stirde; so blank den skein,
so roleg, so rein, so god;
han skalv; han beit sine Tennar ihop . . .
og so spratt det, hans unge Blod.
Det kvisla og risla, det gaus og rann;
han laag der valin og kvit;
torde kje tenkje, torde kje sjaa;
det stod stilt baade Hugs og Vit.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>