Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KVÆDE
353
Solbøn.
Kom med Liv og lange Dagar,
Liv for Lund og logne Aas,
Liv for Eng og Skog og Hagar,
herlege Gud Helios!
Høgtid gild me daa deg lagar,
herlege Gud Helios!
Kom med Glans um Tun og Tindar,
Solgull skirt paa Sjø og Foss,
Sus av milde Sunnanvindar,
herlege Gud Helios!
Bløming blid paa Rygg og Rindar,
herlege Gud Helios!
Kom med Vaar og solrik Sümar,
Fugledans i Krok og Kross,
Kvitring, Bræking, Bjølle-Omar,
herlege Gud Helios!
Leik og Laat og linne Ljomar,
herlege Gud Helios!
Kom med Liv og lange Dagar,
Liv for Lund og Fjell og Foss!
Høgtid gild me daa deg lagar,
herlege Gud Helios!
Helg for deg i Hov og Hagar,
herlege Gud Helios!
Strid for Fred.
Ja lat oss stride,
og lat oss tru,
og byggje med Tankar
ei Bivre-Bru
til den heilage, høge Framtid!
23 — Garborg. VI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>