Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
354
KVÆDE
Me liver midt i
ei Villmanns-Tid
med blinkande Knivar
og Nevestrid;
og Live er som ein Bloddraum.
Men vita skal me
og vone visst,
at Aand maa vinne
paa Troll til sist,
og Vit paa den Varge Villskap.
So lat oss tru
og stride som Menn!
For Trui er,
som det skrivi stend,
den Magt som vinner paa Verdi.
Anarkistsong.
Nei, handkvite Herrar! De gildt kann prala
med Ordi fagre som klingar.
Men oss imillom skal Kniven tala,
den Dag daa Verdi ho svingar.
Og alt som svalt og som grét og døydde,
og alt som under dykk ned de øydde
stig fram i Lag
og gjeng til Slag
den Dag daa Verdi ho svingar.
Høgt stiger eit Rop som naar Nykken ropar,
og drepin Mann under Tufti;
og Verdi vert svart av dei harme Hopar,
og det gjeng Havbrak i Lufti.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>